Demenskoordinator

Demenskoordinator er ein sentral pådrivar for god demensomsorg i kommunen og organiserer ei rekke tilbod.

Tilbod

  • Råd og rettleiing til pasientar, pårørande og andre som har spørsmål om demens
  • Formidling av kontakt med andre kommunale helse- og omsorgstenester
  • Heimebesøk
  • Utgreiing og oppfølging etter kontakt frå lege
  • Oversikt over tilboda til personar med demens i kommunen
  • Bidrag til utvikling av gode rutinar, samhandling og tilbod innan demensomsorga

Kven er tilbodet for?

  • Personar med demenssjukdom og deira pårørande
  • Tilsette i kommunen

Pris

Tilbodet er gratis.

Slik tar du kontakt

Tilbodet er frivillig, og du treng ikkje søknad eller tilvising.

Du kan ta direkte kontakt på telefon eller e-post.

Generelt om demens, diagnostisering og openheit om demensdiagnosen

Demens er ikkje ein enkeltsjukdom, men eit syndrom som er eit resultat av ulike sjukdommar eller skadar i hjernen. Sjukdomsforløpet kan variere. Det vanlegaste er gradvis nedsett meistringsevne. Symptoma er få og knapt merkbare i starten, men blir etter kvart fleire og tydelegare.

Dei første symptoma ved demenssjukdom kan variere, men vanlege symptom kan vere:

  • Problem med minnet. Personen gløymer mykje, særlig ting som har skjedd nyleg
  • Vanskar med å utføre oppgåver han eller ho tidlegare har meistra
  • Språkproblem
  • Desorientering. Forvirring i samband med tid og stad, særleg på nye stader
  • Svekka dømmekraft
  • Vanskar med abstrakt tenking
  • Endra åtferd, mindre sosial
  • Flatare stemningsleie, personen bryr seg ikkje så mye som før

Utgreiing og diagnose

Utgreiing og diagnose er ein føresetnad for å gi effektiv helsehjelp til ein pasient ved mistanke om demens. Kva som blir oppfatta som rett tid for å utgreie og diagnostisere demens, varierer hos pasientar, pårørande og helsepersonell. Erfaringar frå fagmiljø og tilbakemeldingar frå pårørande tyder på at bekymringar om kognitiv svikt lett blir bagatelliserte av helsepersonell, og at utgreiing og diagnostisering av demens i mange tilfelle skjer for seint i sjukdomsforløpet.

Openheit

Når ein person får ein demensdiagnose, rammar det ikkje berre personen sjølv. Diagnosen påverker også ektefelle, barn, familie, venner, kollegaer og annan omgangskrets i større eller mindre grad. Ein demensdiagnose kan verke stigmatiserande og vekke ulike kjensler, både hos personen sjølv og omgivnadene. Kjensler som sorg, tap, usikkerheit om framtida, sinne, fornekting, angst og depresjon, er naturlege og vanlege. Ein reaksjon på diagnosen kan vere at både personen sjølv og personar i omgangskretsen trekkjer seg tilbake og unngår kontakt.

Behovet for og graden av openheit rundt ein demensdiagnose vil variere frå person til person og frå familie til familie. Generelt viser det seg at openheit og informasjon til omgivnadene oftast verker positivt over tid, både for personen sjølv og dei rundt.

Sjå brosjyre frå Helsedirektoratet: «Hvorfor er utredning og diagnose er viktig for personer med demens?»

Demensarbeidslag og ressursperson

Bjørnafjorden kommune har demensarbeidslag på Os-sida og ressursperson for personar med demens på Fusa-sida.

Vernepleiar Anne-Siv Skåthun Berge er ressursperson for personar med demens i tidlegare Fusa kommune, og har mykje av dei same arbeidsoppgåvene som demenskoordinator og kan kontaktast tysdag, torsdag og fredag.

Demensarbeidslaget og ressursperson for personar med demens samarbeider tett med pleie- og omsorgstenesta, demenskoordinator, tenestemottakar og/eller pårørande. I tillegg har dei oppfølging/behandling i samarbeid med lege og sjukehus

Fusa: Ressursperson for personar med demens,

Anne Siv Skåthun Berge: telefon: 475 08 072, e-post: annber@bjornafjorden.kommune.no.

Os: Demensarbeidslaget, telefon 418 63 004

Tilbod til pårørande

Pårørande sin innsats betyr mykje for både den som er sjuk og for samfunnet elles. Pårørande gir omsorg, og bidrar ofte med organisering av kvardagen, kontakt med helsevesenet og praktisk hjelp.

Mange er pårørande over lang tid. Frå dei første demenssymptoma blir merkbare til personen blir heilt avhengig av omsorg og hjelp frå andre kan det ta fleire år.

Støtte frå kommunen

For pårørande med særleg tyngande omsorgsarbeid, har kommunen plikt til å tilby nødvendig støtte i form av opplæring og rettleiing, avlastningstiltak og omsorgsstønad.
Har du spørsmål om dette, kan du kontakte demenskoordinator Sølvi Fagertveit eller avdeling for forvaltning og koordinering på telefon 56 57 55 00.

Bjørnafjorden demensforening

Vi har eit godt og nært samarbeid med Bjørnafjorden demensforening. Om du ønskjer meir informasjon, ta kontakt direkte eller med demenskoordinator Sølvi Fagertveit.

Les meir informasjon for pårørande på helsenorge.no

Hjelpetelefon

Hjelpetelefonen Demenslinjen, telefon 23 12 00 40. Tilbodet blir drive av Nasjonalforeningen for folkehelsen. Dette er ein frivillig organisasjon som jobbar for mellom anna personar med demens og deira pårørande.

Pårørandegruppe/pårørandeskule

Pårørandegruppe  
Det kan vere godt å treffe andre i samme situasjon. Difor har vi pårørandegrupper som treffest jamleg saman med demenskoordinator. Møta er uformelle, og handlar mest om korleis ein har det som pårørande i kvardagen.

Pårørandeskule
Vi inviterer forskjellige fagpersonar og organisasjonar til kommunen for foredrag om ulike tema i samband med det å leve med demens. Vi tar gjerne imot forslag til aktuelle tema!

Kontakt demenskoordinator om du ønskjer meir informasjon om tilbodet.

Sjå informasjon om pårørandeskulen hausten 2021

Kurs for personar med demensdiagnose

Personar med demens har òg behov for kunnskap og støtte. Demenskoordinator tilbyr informasjon og kurs/opplæring til personar som har fått ein demensdiagnose.

Kontakt demenskoordinator om du ønskjer meir informasjon.

Dagaktivitetstilbod for personar med demens

Det er lovpålagt for kommunar å ha dagaktivitetstilbod for heimebuande personar med demens.

  • Nyhagen dagsenter

Solstrandvegen 41, 5200 Os

Dagsenter med tilbod til personar med demens. 

  • Fjordblikk dagsenter

Leitet 28, 5640 Eikelandsosen

Dagsenter med tilbod til personar med demens. Ope måndag, onsdag og fredag.

  • Inn på Tunet, Øvreeide gard

Hegglandsdalsvegen 499, 5211 Os

Dagsenter med tilbod til menneske med kognitiv svikt. Ope alle vekedagar.

Inn på Tunet har som formål å bidra til at brukar, gjennom deltaking i kvardagslivet på garden, får positive opplevingar som gir meistringskjensle og utvikling.

Pris

Prisane for kommunale tenester blir fastsette årleg av kommunestyret.

Sjå pris for dagsenter.

Slik søkjer du om dagsenter

Fyll ut felles søknadsskjema for helse- og velferdstenester  (PDF, 127 kB)

Samiske personar og minoritetsbefolkning og demens

Nasjonal kompetanseteneste for aldring og helse (Aldring og helse) har på oppdrag frå Helsedirektoratet utarbeidd informasjon om demens på mellom anna nordsamisk, lulesamisk og sørsamisk.
Sjå informasjon om demens på samiske språk.  

Aldring og helse har òg informasjon om demens og eldre innvandrarar, retta mot helse- og omsorgstenesta, pårørande og andre som er interesserte i temaet.
Sjå informasjon om demens og minoritetar

 

Personsentrert omsorg: Kva er viktig for deg?

Personsentrert omsorg er ein omsorgsfilosofi som handlar om å ta omsyn til korleis ein person opplever situasjonen sin og verda rundt seg. Omsorga skal leggast til rette slik at personen sitt perspektiv på situasjonen blir ivaretatt. Dette vil variere med personlegdom, vanar og grunnleggande psykologiske behov. (Kjelde: Aldring og helse)

Bjørnafjorden kommune har som målsetting å etablere rutinar for personsentrert omsorg. Det betyr mellom anna:

  • Opplæring og kompetanseutvikling innan personsentrert omsorg og behandling
  • Systematisk evaluering og forbetring av tenestene
  • Tydeleg leiing og støtte av tilsette i utøvinga av personsentrert omsorg og behandling

Vi arbeider etter prinsippet: Kva er viktig for deg?
Individuell tilnærming basert på kunnskap om sjukdommen og kjennskap til brukaren si livshistorie og vanar er vesentleg for å gi god og tilpassa omsorg. Dette inneber mellom anna:

  • Oppretting av kontakt tidleg i sjukdomsforløpet, slik at personen med demens og dei pårørande opplever tryggheit og tillit, og får hjelp og støtte til å meistre livet.
  • Vi brukar VIPS som arbeidsverktøy for mest mogleg lik utøving av tiltak, med utgangspunkt i forståing for korleis personen opplever situasjonen.
  • Ved åtferdsmessige og psykologiske symptom ved demens, har vi som mål å auke forståinga av kor viktig det er med tiltak som bygger tillit.  
  • God kunnskap om vedtak etter pasient- og brukarrettslova er styrande i arbeidet vårt.
  • «Demensomsorgens ABC»: eit kompetansehevande tilbod til alle tilsette som arbeider med personar med demens.
  • Pilotprosjekt «Min Memoria»: Livshistoria er lett tilgjengeleg, slik at helsepersonell blir betre kjende med brukarane sine, og kan bygge ein trygg relasjon som bidrar til glede og trivsel. Min Memoria legg til rette for kommunikasjon mellom omsorgstenesta og pårørande, som bidrar til godt samarbeid og auka engasjement.
Eit demensvennleg samfunn

Bjørnafjorden kommune har signert ein avtale med Nasjonalforeninga for folkehelsen om å bli ein demensvennleg kommune. Formålet med avtalen er å legge til rette for at menneske med demens i Bjørnafjorden møter forståing, respekt og støtte, blir inkluderte og får høve til å delta i nødvendige kvardagsaktivitetar som å handle, bruke offentleg transport, delta i kulturaktivitetar eller liknande.

Kurs for servicenæringa

Ei arbeidsgruppe jobbar med kampanjen lokalt i kommunen vår. Arbeidsgruppa held kurs for tilsette i privat og offentleg servicenæring i kommunen vår. Tilbodet er gratis.

Nyttige lenker

Det finst mykje informasjon om dei ulike typane demenssjukdommar på internett.
Her er nyttige lenker for både pårørande, fastlegar og deg som mistenker at du har demens eller er på eit tidleg stadium i sjukdomsforløpet.

Helsenorge.no

Aldring og helse

Nasjonalforeningen for folkehelsen

Pårørendesenteret

Regjeringa

Bjørnafjorden kommune

For helsepersonell og fastlegar

Helsedirektoratet

Kontakt

Sølvi Bjørnevoll Fagertveit
Fagleder
Mobil: 97477031