Er du pårørande til nokon med demens? Meld deg på pårørandeskulen Pårørandeskulen er eit kurstilbod til deg som har eit familiemedlem eller ein nær venn med demenssjukdom eller mistanke om demens/kognitiv svikt. Personen med demens kan bu i eigen heim eller på institusjon. Gjennom fagleg påfyll og plenums- og gruppesamtalar får du kunnskap om demens, møter andre pårørande i same situasjon og fagpersonar med kompetanse på området.Mange som er pårørande til ein person med demens, ønskjer informasjon, opplæring og støtte. Det er målet for Pårørandeskulen å gi nettopp dette. Kristina Litvjak/Unsplash Pårørandeskulen for personar med demens 2026: Bu trygt heimeTid og stadKantina ved hovudinngangen på Luranetunet bu- og behandlingssenterTid: Tysdag 10. mars, 17. mars og 24. mars 2026, kl. 17.30-20.20Kjem du frå Fusa-sida? Ferje frå Venjaneset kl.16.50. Retur frå Hatvik kl.20.40.Program Tysdag 10. mars, kl. 17.30-20.20: Demensutgreiingved fastlege Karoline S. Tombre. Tysdag 17. mars, kl. 17.30-20.20:Framtidsfullmakt og vergemål ved advokat Gunnar Skeie. Kommunikasjonsmåtar og -metodar ved demenskoordinator Sølvi Fagertveit og ressursvernepleiar Anne-Siv S. Berge i Bjørnafjorden kommune. Tysdag 24. mars kl. 17.30-20.20: Kommunale tilbod, hjelp til sjølvhjelp og velferdsteknologived demensomsorga i Bjørnafjorden kommune.Bjørnafjorden Demensforeining presenterer seg Vil du skrive ut programmet? Last ned her (PDF, 2 MB)ArrangørDemensomsorga i Bjørnafjorden kommune, i samarbeid med Bjørnafjorden demensforeining.Pris Pris kr 300,- per person.Lett servering. Oppgi eventuelle matallergiar i påmeldingsskjemaet.Vipps til nummer 714424Slik melder du deg påMeld deg påVel møtt!Påmeldingsfrist: 1. mars 2026.Målet for pårørandeskulen er å:gi pårørande auka kunnskap om demenssjudommar og innsikt i metodar for kommunikasjon og samhandling med personar med demens.bidra til at pårørande får betre kjennskap til rettar, lovar og korleis gå fram for å få kontakt med hjelpeapparatet.tilby støtte gjennom å møte andre pårørande som er i same situasjon.På pårørandeskulen skal vi kunne vere opne i trygge omgivnader. Fortrulege opplysningar som kjem fram, skal bli mellom oss. Sist endra 13.01.2026 09:47