Har du sett skadar på sitkagran eller vanleg gran? Meld frå!

Sitkagran er ein art i granslekta og kjem frå det vestlege Nord-Amerika. Sitkagrana er stor og hurtigveksande med flattrykte, svært spisse og stikkande nåler. I Noreg har sitkagran har vore mykje brukt ved skogplanting, særleg i kyststrok. Kjelde: Store norske leksikon NIBIO

Dei siste åra har det kome meldingar om tilfelle av tretørke på sitkagran og vanleg gran i Bjørnafjorden og andre nabokommunar.
Norsk institutt for bioøkonomi (NIBIO) ønskjer å undersøke omfanget av dette fenomenet, og ber derfor om hjelp frå skogeigarar og andre som kan ha observert skadar på sitkagran/vanleg gran i kommunen.

Korleis ser tretørke ut?

Tretørke på sitkagran kan vise seg ved at treet tørkar frå toppen eller tørkar meir jamt over heile eller delar av trekrona før heile treet døyr. Skogen er oftast i hogstklasse 4.

Har du sett noko?

Om du har sett skadar på sitkagran eller vanleg gran, vil vi oppmode deg om å melde frå på NIBIO si nettside.

NIBIO jobbar med å undersøke kva som gir tretørke på sitkagran og vanleg gran. Informasjon om resultata kjem når dei veit meir.
På førehand takk for at du melder frå.