Om du skal hogge skogen din, er det ikkje usannsynleg at du også treng å byggje skogsvegar. Om skogen i tillegg ligg i bratt terreng er det også stor sjanse for at du både bør og må samarbeide med naboane dine. Jo større tømmervolum vegen løyser ut, jo rimelegare vert vegbygginga for deg. Og jo kortare terrengtransport av tømmeret, jo lågare vert driftskostnaden.
Bygging av skogsveg er den største investeringa du gjer i skogen din. For å få den beste vegløysinga, er det viktig med god planlegging, både når og kor vegen skal byggast. Ta kontakt med skogansvarleg i kommunen for å få hjelp! Vegplanen må godkjennast av kommunen før det kan byggast. Kommunen handsamar også søknad om tilskot.
I skogbruket er det ingenting som hastar. Hogst og veg bør planleggast godt og i samarbeid med naboane. Store verdiar kan stå på spel ved manglande planlegging. Søk difor råd frå skogansvarleg i kommunen som også kan setje deg i kontakt med ein profesjonell vegplanleggar.
Avkøyring er søknadspliktig
Om du planlegg å opparbeide, endre eller utvide ei eksisterande avkøyring frå ein offentleg veg til ein skogsveg, må du søkje om løyve til det. Slike søknader vert handsama av Statens vegvesen når det gjeld riksvegar og av kommunen ved kommunale vegar. Fylkeskommunen får slike søknader når avkøyringa er til ein fylkesveg.
Men heldigvis: Søknadsskjemaet kan nyttast for alle vegar. I søknadsprosessen vert du ruta til rett instans når du vel eit punkt i kartet. Les meir om dette her.
Søk om bygging av landbruksveg
Nyttige lenkjer:
Publisert av Martha Heggland
Sist endra 11.08.2023 10:06