Avstandsregulering er nødvendig for å sikre god tilvekst og kvalitet i framtidsskogen. Denne ungskogpleia skjer 10-20 år etter etablering av ny skog på arealet. Seinare i omløpet kan det vere aktuelt å kviste lauvtre for best mogeleg kvalitet. Etter 30-40 år kan tynning i skogen vere aktuelt, men dette er avhengig av mellom anna treslag, stabilitet og infrastruktur.
Om du ønsker fleire sjikt, treslag og meir mangfald i skogen, må du planlegge framgangsmåten godt. Denne driftsforma er utan store snauhogstar og tar meir omsyn til kva naturen tilbyr som forynging. Ein slik type skog bli meir stabil i forhold til naturskadar (vind, flaum, ras, billeangrep) og er positiv for det biologiske mangfaldet i skogen din.
Du kan søke kommunen om tilskot til ei rekke skjøtselstiltak.
Ungskogpleie er eit veldig viktig tiltak, og avgjerande for å få god avkastning frå skogen din.
- Gjer ungskogpleie tidlig
- Prioriter høge boniteter
- Finansier med skogfond
- Gjer nok, men ikke meir
- Bruk riktig og skarp redskap
- Spør fagfolk viss du treng hjelp eller er usikker