Aktuelle tilbod ved demens/kognitiv svikt

Oversikt over ulike tenester og tilbod som kan vere aktuelle for personar med demens/kognitiv svikt og deira pårørande. Her finn du informasjon om både kommunale og nasjonale ordningar.

Dagsenter

Øvreeide gard

Dagsenter som tilbyr «Inn på tunet»-tenester til menneske med kognitiv svikt. “Inn på Tunet” har som formål å bidra til at brukar, gjennom deltaking i kvardagslivet på garden, får positive opplevingar som gir meistringskjensle og utvikling. 
Held til i Hegglandsdalsvegen 499Ope måndag-fredag kl.10-15. Transport til og frå, tilpassa opningstida. Brukarar som bur på Fusa-sida kan bli henta på Hatvik ferjekai. To måltid.

Nyhagen dagsenter

 Aktivitetstilbod på Luranetunet bu- og behandlingssenter for heimebuande personar med kognitiv svikt/demenssjukdom. Ope måndag-fredag kl. 10-15. Transport til og frå, tilpassa opningstida. To måltid.

Fjordblikk dagsenter

Dagsentertilbod på Fusa bu- og behandlingssenter for heimebuande kognitivt friske eldre og personar med kognitiv svikt/demenssjukdom. Brukargruppene har tilbod på ulike dagar. Transport til og frå, tilpassa opningstida. To måltid.

Les meir og søk om opphald på dagsenter her

Demenskoordinator

Demenskoordinator og ressursperson for personar med demens, er sentrale pådrivarar for god demensomsorg i kommunen og organiserer ei rekke tilbod. Dette er eit lågterskeltilbod, der du som brukar, pårørande eller fastlege kan ta kontakt utan søknad eller tilvising. Målsettinga er tidleg innsats/systematisk oppfølging av både brukar og pårørande.

Tilboda omfattar til dømes heimebesøk, systematisk oppfølging (kartlegging/ugreiing i samarbeid med fastlegane), støttesamtalar, samtalegrupper for pårørande, pårørandeskule og informasjon om tilboda i kommunen. 

Les meir om demenskoordinator/ressursperson her

Heimehjelp

Heimehjelp er eit tilbod til deg som på grunn av sjukdom eller funksjonsnedsetting er ute av stand til å utføre nødvendige oppgåver i heimen din. Døme på oppgåver er tyngre husarbeid, som støvsuging og vask av golv i dei romma du brukar dagleg, klesvask, skifte av sengetøy og vask av bad.

Les meir og søk om heimehjelp her

Heimesjukepleie

Heimesjukepleie er eit tilbod til deg som har behov for helsetenester.

Tilsette i heimesjukepleia kan hjelpe deg med å ta medisinar, lage til måltid og hjelpe med personleg hygiene. Heimesjukepleia vil legge til rette for at du skal klare mest mogleg sjølv, slik at du kan halde fram med å bu heime. Heimesjukepleia på Os har eit eige demensarbeidslag for heimebuande med demens.

Les meir og søk om heimesjukepleie her

Hjelpemiddel

Utlån av tekniske hjelpemiddel ved kortvarig eller langvarig nedsett funksjonsevne.

Les meir om hjelpemiddel her

Kartleggingsteamet

Første gong du melder om at du har behov for pleie- og omsorgstenester frå kommunen, kjem kartleggingsteamet på banen. Dette skjer til dømes når du blir utskriven frå sjukehus eller annan behandlingsinstitusjon, ved tilvising frå fastlegen eller på initiativ frå deg sjølv eller pårørande.

Les meir om kartleggingsteamet her

Korttids- og avlastningsopphald på institusjon

Bjørnafjorden kommune har to sjukeheimar, Luranetunet bu- og behandlingssenter og Fusa bu- og behandlingssenter, kor du kan søkje om korttids- og avlastningsopphald.

Tilbodet er for:

  • Personar med behov for kartlegging av helsetilstand og funksjon/hjelpebehov. 
  • Personar som treng opptrening for å få tilbake tapte funksjonar etter sjukdom eller skade, slik at dei kan flytte tilbake til eigen heim.
  • Personar med behov for hjelp, der pårørande har store omsorgsoppgåver og har behov for eit avlastningsopphald.
  • Personar med varig funksjonssvikt eller brått fall i funksjonsnivå.

Les meir og søk om korttids- og avlastingsopphald her

Kvardagsrehabilitering

Kvardagsrehabilitering er eit tilbod til deg som har mista funksjon som følgje av sjukdom eller skade. Målet er at du skal øve deg opp til å greie dei daglege gjeremåla igjen, slik at du kan bu heime og leve eit godt og aktivt liv så lenge som mogleg.

Les meir og søk om kvardagsrehabilitering her

Matlevering

Bur du heime og synest det er vanskeleg å lage middag til deg sjølv? Då kan du få ferdig mat levert på døra. Du bestiller middag til så mange dagar som du ønskjer, og får levert maten ein eller to gonger i veka. 

Les meir og søk om matlevering her

Pårørandeskule

Pårørandeskulen er eit kurstilbod til deg som har eit familiemedlem eller ein nær venn med demenssjukdom eller mistanke om demens/kognitiv svikt. Personen med demens kan bu i eigen heim eller på institusjon. 
Gjennom fagleg påfyll og plenums- og gruppesamtalar får du kunnskap om demens, møter andre pårørande i same situasjon og fagpersonar med kompetanse på området.

Les meir om Pårørandeskulen 

Tryggleiksalarm

Tryggleiksalarm er ein alarm som eldre, funksjonshemma og sjuke ber på seg for å kunne tilkalle hjelp i akutte situasjonar heile døgnet. Alarmen kan vere ein knapp som er festa på handleddet eller rundt halsen. 

Les meir og søk om tryggleiksalarm

Vi tilbyr òg andre velferdsteknologiske hjelpemiddel.

Nyttige lenker til meir informasjon og støttetilbod

Det finst mykje informasjon på internett og det kan ofte vere utfordrande å finne dei gode informasjonskjeldene. Her har vi samla noko av det som kan vere nyttig for både deg og dine pårørande:

Demens - Helsenorge

Kognisjon og demens - Nasjonalt senter for aldring og helse

Demens (nasjonalforeningen.no)

Pårørendesenteret - for pårørende i hele landet (parorendesenteret.no)

Leve hele livet - regjeringen.no

Bu trygt heime - Helsedirektoratet

Grunnleggande helsejuss

Lov om pasient- og brukerrettigheter (pasient- og brukerrettighetsloven) - Lovdata

Pårørande sine rettar

Rett til medvirkning og informasjon - Helsedirektoratet

Forskrift om etablering og gjennomføring av psykisk helsevern m.m. (psykisk helsevernforskriften) - Lovdata

Pårørende - hva nå? - Helsenorge

Involvere pårørende i utredning, behandling og oppfølging av pasient eller bruker - Helsedirektoratet

Helseforetak og kommuners plikt til pårørendeinvolvering og støtte - Helsedirektoratet

Klage

Rett til å klage - Helsenorge

Om tilsynssaker | Helsetilsynet

Varsel om svært alvorlige hendelser i helsetjenesten - Helsenorge

Tilbod og tenester til deg som er pårørande

Støtte til pårørende med omfattende omsorgsoppgaver - Helsedirektoratet

§ 2-8 Tiltak ved særlig tyngende omsorgsoppgaver - Helsedirektoratet

Møteplass for mestring - Nasjonalt senter for aldring og helse

BJØRNAFJORDEN DEMENSFORENING🌿 (@bjornafjorden_demensforening) • Instagram

Bjørnafjorden demenskor

Demenskoret gir mer åpenhet (nasjonalforeningen.no)

Likeperson (nasjonalforeningen.no) Snakk med andre pårørande om demens.

Aktivitetsvenn for personer med demens (nasjonalforeningen.no)

Tid til å være ung? - Nasjonalt senter for aldring og helse For unge 18-30 år med foreldre med demens.

Podkasten Tid til å være ung - Nasjonalt senter for aldring og helse

Hvem ser meg? - Sommerleir - Nasjonalt senter for aldring og helse Når barn og unge er pårørande til nokon med demens.

Juridiske og økonomiske ordningar

Fremtidsfullmakt | Statsforvalteren.no

Framtidsfullmakt (sivilrett.no)

Vergemål | Statsforvalteren.no

Vergemål (sivilrett.no)

Hjelpestønad - nav.no

Pensjonsopptjening ved omsorg for syke, eldre og personer med funksjonsnedsettelser - nav.no

Bostøtte - Husbanken

Altinn - Lønnet og ulønnet permisjon

Økonomisk sosialhjelp - nav.no

Redusert arbeidstid (arbeidstilsynet.no)

Førarkort og transport

Spørsmål og svar om førerkort og helse | Statsforvalteren.no

Pasientreiser - Helsenorge

Søk TT-kort - Vestland fylkeskommune

Aktivitet, nettverk og deltakelse - Veiviser demens (aldringoghelse.no)

Eigenbetaling for helse- og omsorgstenester

Forskrift om egenandel for kommunale helse- og omsorgstjenester - Lovdata

Korttidsopphold og avlastningsopphold - Veiviser demens (aldringoghelse.no)

 

 

Søknadsskjema og prisar for kommunale tenester

Felles søknadsskjema for helse- og velferdstenester i Bjørnafjorden kommune:

eller

Sjå prisar og betalingssatsar for kommunale tenester