HeimehjelpHeimehjelp er eit tilbod til deg som er avhengig av praktisk hjelp i kvardagen på grunn av sjukdom, funksjonshemming, alder eller andre årsaker. Kva kan heimehjelpa hjelpe deg med? Heimehjelpa kan hjelpe deg med tyngre husarbeid som støvsuging og vask av golv i dei romma du brukar til dagleg, skifte på seng og vask av bad. Vi vaskar vindauge to gonger i året. Kven er tilbodet for? Eldre eller funksjonshemma som bur heime, og som treng praktisk hjelp til tyngre husarbeid. Tenesta føreset at du har tekniske/elektriske innretningar og anna nødvendig utstyr som er vanleg i ein heim. Du og kommunen avgjer saman kva for tenester du skal få. Målet er at du skal vere i stand til å bu heime. Slik søkjer du Dersom det er andre som søkjer for deg, må du legge ved fullmakt Fyll ut felles søknadsskjema for helse- og velferdstenester (PDF, 127 kB). Skriv ut skjemaet, skriv under og send skjemaet til Bjørnafjorden kommune, avdeling for forvaltning og koordinering, postboks 24, 5649 Eikelandsosen. Kva skjer vidare med søknaden? Kva kostar tenesta? Sjå oversikt over kommunale gebyr, prisar og avgifter. Prisane blir fastsette årleg av kommunestyret i Bjørnafjorden. Sist endra19.08.2020 14.53