KartleggingsteametFørste gong du melder om at du har behov for pleie- og omsorgstenester frå kommunen, til dømes når du blir utskriven frå sjukehus eller annan behandlingsinstitusjon, kjem kartleggingsteamet på banen.Du og kartleggingsteamet kartlegg, gjerne saman med dine pårørande, situasjonen og heimen din for å sjå kva hjelpebehov du har på kort og lang sikt - eventuelle tilpassingar og hjelpemiddel som kan vere nyttige for at du skal kunne vere mest mogleg sjølvhjelpen heime.Kanskje treng du berre ein toalettforhøgar eller ein strømpepåtrekkar for å klare deg sjølv? Publisert av Ragnhild Stende Bjaadal Sist endra 03.09.2020 14.24