Velkommen til eit nytt år i Bjørnafjorden demenskor!

Stine Kobbeltvedt & co startar opp att med korøvingar tysdag 6. februar klokka 14-15 i foajeen i Oseana kunst- og kultursenter på Os.

Vi ønskjer gamle og nye kormedlemmer hjarteleg velkomne!

Dirigent og musikalsk leiar for Bjørnafjorden demenskor, Stine Kobbeltvedt, dirigerer ein bukett av songglade medlemmer, følgesvener og gode hjelparar under ein konsert i foajeen i Oseana kunst- og kultursenter i juni 2023. Os og Fusaposten

Demenskoret er eit tilbod primært for heimebuande personar med demens, med fokus på songglede, sosialt og musikalsk felleskap.

Tid og stad

Foajeen i Oseana kunst- og kultursenter på Os, kvar tysdag klokka 14-15. Det er sjølvsagt mogleg å ta ein kaffikopp saman og prate ei stund etter øving.
Vi startar opp tysdag 6. februar, og held fram med øvingar til vi avsluttar semesteret med konsert tysdag 28. mai 2024.

Transport

Du må sjølv syte for transport til og frå øving. Medlemmer i Bjørnafjorden demenskor kan få seniordrosje. 
Seniordrosje er eit gratis tilbod til deg over 65 år som treng transport for å kunne delta på utvalde arrangement og aktivitetar i Bjørnafjorden kommune. Tilbodet gjeld òg for seniorar som treng transport for å gjere frivillige oppdrag.

Slik bestiller du Seniordrosje

  • Ring Os Taxi på telefon 07000 eller Fusa Taxisentral på telefon 56 58 19 00 og bestill drosje på vanleg måte.
  • Når drosja kjem, oppgir du til sjåføren at du skal til eit Seniordrosje-arrangement. Drosja køyrer deg til arrangementsstaden.
  • Når du skal heim, ringer du og bestiller drosje heim att frå same stad.

Lurer du på noko? Ta gjerne kontakt med oss:

  • Stine Kobbeltvedt i Os frivilligsentral, telefon 943 96 618
  • Demenskoordinator Sølvi Bjørnevoll Fagertveit, telefon 974 77 031 eller ressursvernepleiar Anne-Siv Skåthun Berge, telefon 475 08 072

Påmelding

Meld deg på

NB! Du som har vore med i koret tidlegare treng ikkje sende ny påmelding. Du treng berre sende ein av oss ei melding om at du kjem.