MatleveringBur du heime og synest det er vanskeleg å lage middag til deg sjølv, kan du få ferdig mat levert. Du bestiller middag til så mange dagar som du ønskjer, og får levert maten ein eller to gonger i veka. Kven er tilbodet for? Eldre eller funksjonshemma som bur heime. Praktisk informasjon Maten kjem ferdig frå Fusa bu- og behandlingssenter. Du treng berre ta han ut av kjøpeskåpet ditt og varme han opp i vassbad eller mikrobølgeomn. Levering onsdagar og fredagar mellom klokka 11 og 14. Dersom du ikkje er heime i denne tida, treng vi nøklar til døra di slik at vi kan setje maten i kjøleskåpet ditt. Vil du avbestille middagar eller stanse levering? Ring kjøkkenet på 56 58 02 10. Pris Middag med dessert kr 90,- Middag utan dessert kr 82,- Liten middag med dessert kr 65,- Liten middag utan dessert kr 58,- Andre måltid kr 47,- Prisane blir vurderte årleg av kommunestyret i Bjørnafjorden. Kommunen vil sende faktura for middagane heim til deg i posten. Sjå døme på meny. Slik går du fram Fyll ut digitalt skjema Søknad om helse- og omsorgstenester (du må logge på med BankID) eller bruk PDF-skjema søknadsskjema for helse- og velferdstenester (PDF, 172 kB) Skriv ut skjemaet, skriv under og send i posten til Bjørnafjorden kommune, avdeling for forvaltning og koordinering, postboks 24, 5649 Eikelandsosen. Dersom det er andre som søker for deg, må du legge ved fullmakt Dersom det er andre som søkjer for deg, må du legge ved fullmakt. Har du spørsmål? Ring avdeling for koordinering og forvaltning på telefon 56 57 51 82/56 57 50 35 eller send e-post. Sist endra 16.11.2022 10:35