Informasjon og tilbod for pårørandePårørande utfører viktige omsorgsoppgåver, og er ein svært verdifull del av omsorgsfelleskapet. Vi ønskjer at du som er pårørande skal bli verdsett for innsatsen du gjer, og få informasjon, rettleiing og støtte når du har behov for det. På denne nettsida finn du lenker og aktuell informasjon. Om avlasting Ved langvarige og krevande omsorgsoppgåver kan du søke om å få avlasting. Avlasting kan vere døgnopphald på sjukeheim eller avlastingssenter, private besøksheimar eller ulike dagtilbod. Les meir om ulike typar avlasting og korleis du søker Avlasting for barn Varafjell avlastingssenter er eit tilbod for personar under 18 år med nedsett funksjonsevne. Avlasting for vaksne Oshaugen dagsenter for eldre som bur heime. Nyhagen dagsenter for personar med kognitiv svikt/demenssjukdom som bur heime. Kuhnletunet dagsenter for vaksne med nedsett funksjonsevne. Kontakto er eit dagtilbod og ein møteplass for menneske med psykiske vanskar. Fritidstilbod Støtte- og fritidskontakt er eit tilbod til personar i alle aldrar som ønskjer sosialt samvær og støtte til ei aktiv og meiningsfylt fritid.Aktivitetsvenn er eit tilbod til personar med demenssjukdom.Fritidstilbod for seniorar: Det skjer mykje heile året på Luranetunet og i Gamleheimshagen. Fritidstilbod for personar med nedsett funksjonsevne: Musikk, fotball, handball og andre aktivitetar. Tilbod til pårørande til personar med demens/kognitiv svikt Pårørande sin innsats betyr mykje for både den som er sjuk og for samfunnet elles. Pårørande gir omsorg, og bidrar ofte med organisering av kvardagen, kontakt med helsevesenet og praktisk hjelp.Vi tilbyr:Samtalegrupper for pårørandePårørandeskuleStøttesamtalarSystematisk oppfølgingPårørandeskulePårørandeskulen er eit kurstilbod til deg som har eit familiemedlem eller ein nær venn med demenssjukdom eller mistanke om demens/kognitiv svikt. Personen med demens kan bu i eigen heim eller på institusjon. Gjennom fagleg påfyll og plenums- og gruppesamtalar får du kunnskap om demens, møter andre pårørande i same situasjon og fagpersonar med kompetanse på området.Les meir om pårørandeskulenStøtte frå kommunenFor pårørande med særleg tyngande omsorgsarbeid, har kommunen plikt til å tilby nødvendig støtte i form av opplæring og rettleiing, avlastningstiltak og omsorgsstønad.Har du spørsmål om dette, kan du kontakte demenskoordinator Sølvi Fagertveit eller avdeling for forvaltning og koordinering på telefon 56 57 55 00.Bjørnafjorden demensforeningTa gjerne kontakt om du vil delta på ein aktivitet eller om du har andre spørsmål. Send e-post til bjornafjorden.demensforening@gmail.comDu kan òg følgje Bjørnafjorden demensforening på Facebook og InstagramLes meir informasjon for pårørande på helsenorge.noHjelpetelefonHjelpetelefonen Demenslinjen, telefon 23 12 00 40. Tilbodet blir drive av Nasjonalforeningen for folkehelsen. Dette er ein frivillig organisasjon som jobbar for mellom anna personar med demens og deira pårørande. Tilbod til pårørande til menneske med utfordringar knytt psykisk helse og/eller rus Å vere pårørande til menneske med utfordringer knytt til psykisk helse og/eller rus kan vere utfordrande og einsamt. Tankar, kjensler og bekymringar kan vere tunge å bere på aleine, og det kan vere godt å ha nokon å snakke med.PårørandekontaktI Psykisk helseteam har vi ein pårørandekontakt som gir tilbod til vaksne pårørande med inntil tre samtalar. Fokus for samtalane er deg som lever i pårøranderolla. Pårørandekontakten vil ha fokus på å lytte, gi innspel til korleis du kan ta vare på deg sjølv, og gi informasjon om tiltak som pårørandegrupper og -organisasjonar, samt andre instansar som kan vere nyttige for deg som pårørande. Dersom rolla di som pårørande er så krevjande at du sjølv står i fare for å bli sjuk, vil du få rettleiing i korleis du kan få vidare oppfølging knytt til di eiga psykiske helse.Personen du er pårørande til, eventuelle diagnosar eller behandling, er ikkje noko vi kan gå inn på i samtalene. Det er ikkje krav om at den du er pårørande til mottar kommunale tenester.Tenesta er gratis og lett tilgjengeleg, og det er nok å ta kontakt på telefon eller e-post for avtale.Ta gjerne kontakt med ossGry Cecilie N. Sælen tlf: 95 03 09 95E-post: grysal@bjornafjorden.kommune.noEllerOlaug Sælen Steen tlf. 98067514e-post: oss@bjornafjorden.kommune.noAndre kommunale ressursar Ungdomsteamet - Bjørnafjorden kommune Familieråd - å finne gode løysingar for barnet - Bjørnafjorden kommune Lågterskeltilbod innan psykisk helse for barn og unge (kommunepsykologane) - Bjørnafjorden kommune Lenke til UROURO lettomrus.no – et prosjekt om utviklingshemming og rus | Naku Nyttige nettstader Rus og avhengighet - Helsenorge A-Larm: Bruker- og pårørendeorganisasjon Autismeforeningen HordalandBipolarforeningenBlå Kors KompassetCRUX Kalfarhuset oppfølgingssenterHaraldsplass Samtalesenter LEVE | Landsforeningen for etterlatte ved selvmordIvareta - pårørende berørt av rusMental Helse - Alle har en Mental Helse Mental helse ungdom BergenLISA-gruppeneLandsforeningen for pårørende i psykisk helse, LPP BergenPårørendetilbud Helse BergenPårørendesenteretROS Senter for spiseforstyrrelser VestlandEtterlattkafé - for etterlatte etter rusrelatert død Pårørende - Nok. BergenNorsk OCD og angstforening, AnankePårørendes rettigheter – Informasjon til pårørende av pasienter med psykiske lidelser og rusmiddelproblemer.pdfPårørendeveileder - HelsedirektoratetPsykiatrialliansen | Forside Barn og unge som pårørande Familieteamet tilbyr rettleiing, kurs og grupper for foreldre, og samtaler med barn og foreldre. Familieteamet er sett saman av fagpersonar frå ulike einingar i kommunen.Helsestasjon for barn er eit tilbod for barn frå fødsel til skulealder. Helsestasjon for ungdom er eit tilbod til deg mellom 13 og 20 år. Her kan du snakke med helsesøster og lege.Barneverntenesta i Bjørnafjorden kommune - hjelpetiltak for barnets beste.Andre tilbod: Barns beste - nasjonalt kompetansenettverk for barn som pårørandeSnakketøyet - for trygge vaksne og barn når foreldre er sjukeungepårørende.no - landsdekkande tilbod for barn og unge Individuell plan (IP) Individuell plan er eit tilbod til personar som mottar hjelp frå to eller fleire instansar, og som har behov for koordinerte tenester. Ein koordinator i kommunen har ansvar for nødvendig oppfølging, samordning av tenestetilbod og framdrift i arbeidet med ein plan. Omsorgsstønad Har du eit særleg tyngande omsorgsarbeid, kan du søke om omsorgsstønad. Økonomisk bistand Du kan søke NAV om økonomisk bistand ved sjukdom i familien.Grunn- og hjelpestønadStønad ved sjukdom i familienHjelpemiddel Andre tilbod Pårørendealliansen Ein frittståande paraplyorganisasjon som skal synleggjere pårørande og arbeide for å forbetre deira vilkår og rettar, uavhengig av kven ein er pårørande til.Pårørendesenteret.no (Stavanger). Ei landsdekkande nettside for pårørandePårørendesenteret i Oslo (PIO) Rettar seg spesielt mot pårørande til menneske med psykiske helseutfordringar og/eller rusproblem.Er du berørt av en annens rusmiddelproblem? KORUSHelsenorge Nyttig informasjon om rettar og tilbod for pårørande.Når ein av våre nærmaste døyr (brosjyre frå Helsedirektoratet) Praktisk informasjon for etterlatne og råd for å bearbeide sorg.Nasjonalforeningen for folkehelsen - demens Til deg som er pårørande til nokon med demenssjukdom.Kreftforeningen Råd og tilbod for pårørande til nokon med kreft.Pasient- og brukarombodet i HordalandRåd og rettleiing til pasientar og brukarar i møte med helse- og sosialsektoren. Ombodet er ikkje eit klageorgan, men hjelper til med å formulere og vidareformidle spørsmål eller klagar til den rette instansen.Lærings- og meistringssenteret i Bergen er ein møteplass for pasientar, deira pårørande, helsepersonell og pasientorganisasjonar. Dei jobbar for at pasientar, brukarar og pårørande skal få informasjon og kunnskap, og at dei skal få hjelp til å handtere og meistre langvarig sjukdom og endringar i helsa si. Ivareta er ein organisasjon av og for pårørande og etterlatne berørt av andre sin rusbruk eller psykiske helseutfordringar. Pårørandetelefonen: 800 40 567 Sist endra 20.06.2025 10:54