Kuhnletunet dagsenterKuhnletunet dagsenter er eit dagtilbod til psykisk utviklingshemma. Hos oss står meistring og trivsel i fokus. Målet er at alle skal få brukt evnene sine, ha ein meiningsfull kvardag og jobbe mot same mål. På Kuhnletunet samarbeider ei tverrfagleg samansett personalgruppe for å ivareta heile brukaren. Du finn oss i Kuhnlevegen 275, 5209 Os. Kva kan vi tilby? Kommunikasjonstrening Kroppsbevisstheit, kommunikasjon og kontakt Styrketrening Utearbeid, mellom anna vedproduksjon Fysioterapi Handarbeid Matlaging Sanserom Tur Bading Musikkgrupper og musikktilbod Motorisk trening til musikk Slik søkjer du Dersom andre søkjer for deg, må du legge ved fullmakt Fyll ut felles søknadsskjema for helse- og omsorgstenester (PDF, 127 kB). Skriv ut skjemaet, skriv under og send skjemaet til Bjørnafjorden kommune, avdeling for forvaltning og koordinering, postboks 24, 5649 Eikelandsosen Kva skjer vidare med søknaden? Kva kostar tenesta? Sjå oversikt over kommunale gebyr, prisar og avgifter. Prisane blir fastsette årleg av kommunestyret i Bjørnafjorden. Sist endra10.06.2020 10.34