Vi beklagar at alt ikkje er på plass enno....

Tekniske utfordringar gjer at du dessverre ikkje får opp telefonnummer når du søker etter tilsette i Bjørnafjorden kommune, berre e-postadresse. Ring sentralbordet på 56 57 50 00 for å bli sett over.
Nokre av søknadsskjemaa er heller ikkje på plass enno. Vi beklagar, og jobbar så raskt vi kan for å få alt til å fungere som det skal. Hastar det? Send ein e-post 

Bli aktivitetsvenn

Bli aktivitetsvenn og ver med på å gi ein med demens fleire gode dagar og opplevingar.

Over 77 000 personar i Noreg har demens, og talet vil truleg doble seg i løpet av dei neste tiåra.
Når grunnleggande behov for pleie og omsorg er dekt, skal den som er sjuk få delta i det vanlege livet, og gjere aktivitetar han eller ho gjorde før sjukdomen sette grenser.

Ein aktivitetsvenn er ein frivillig som bidrar til å gi personar med demens gode opplevingar og aktivitetar i kvardagen. Tilbodet er organisert av Nasjonalforeningen for folkehelsen og finansiert av innsamla midlar frå TV-aksjonen 2013. 

Kva gjer ein aktivitetsvenn?

Å vere aktivitetsvenn er enkelt. Du treng berre å gjere noko du likar - saman med ein som har demens.
Til dømes:

  • Gå tur
  • Gjere hagearbeid
  • Fiske
  • Lese bøker
  • Synge i kor
  • Gå på kino, konsert eller utstilling

Målet er at både du og din nye venn skal ha glede av opplevinga. Sjølv for menneske der sjukdomen har kome så langt at opplevingar fort blir gløymte, viser det seg at dei gode kjenslene varer lenge.

Personen med demens og du som frivillig blir kopla på bakgrunn av felles interesser. 

 

Kontakt

Lillian Sælen
Til toppen