Fritidstilbod for seniorar
Fransisco Munoz/Bjørnafjorden kommune
Det skal vere godt å bli gammal i Bjørnafjorden! Vi har eit allsidig kultur- og aktivitetstilbod til seniorar i kommunen.
Frivillige lag og organisasjonar besøker Luranetunet bu- og behandlingssenter og Fusa bu- og behandlingssenter gjennom heile året.
Kultureininga tilrettelegg og samordnar aktivitetar og kultur for bebuarar på Luranetunet og Fusa bu- og behandlingssenter. Arbeidet skjer i tett samarbeid med kommunale einingar, Os frivilligsentral, Bjørnafjorden eldreråd og frivillige lag.
Kultureininga har også ei aktiv rolle i det årlege kommunale seniorarrangementet Trygg i Bjørnafjorden, som går av stabelen kvar haust i Oseana kunst- og kultursenter.
Treff i Gymnasvegen 30 er framleis innstilt.
Klikk her for å sjå lokale lag og organisasjonar med aktivitetar for seniorar
Aktivitetskalender for Luranetunet
Sist endra 15.02.2022 09.34