Kontakto - eit dagtilbod for deg med psykiske vanskarKontakto er eit dagtilbod og ein møteplass for menneske med psykiske vanskar. Tilbodet er frivillig, og du kan bruke Kontakto i den grad du sjølv vil. Vi ønskjer å motverke kjensla av einsemd og isolasjon, og legge til rette for at du kan ta i bruk eigne ressursar. Vi ønskjer å følgje, støtte og rettleie deg i kvardagen din og gi deg eit trygt og stabilt tilbod med høg grad av toleranse, kontinuitet og omsorg. Du finn Kontakto i den gamle prestebustaden på Giskavollen 5. Kva kan vi tilby? Tur Bowling og golf Teningsapparat Strikkeklubb Glassmaling og terapeutisk maling Svømming i bassenget på Luranetunet Sanserommet på Kuhnletunet Tur på teater Data og internett Vi lagar mat saman og kosar oss med felles måltid Vi pratar saman og er til støtte og hjelp for kvarandre Vi har årlege tradisjonar, som t.d. blåtur, haustfest, hyttetur og julebord Opningstid Måndag, tysdag, torsdag og fredag kl. 9.30-15 Onsdag kl. 18-21 Personalet er tilgjengeleg i opningstida. Kven er tilbodet til? Tilbodet er for vaksne over 18 år med psykiske vanskar. Slik søkjer du Send inn digitalt skjema Søknad om helse- og omsorgstenester (du må logge på med BankID) Du kan òg sende søknad per post ved å fylle ut søknadsskjema for helse- og omsorgstenester (DOCX, 63 kB) Kryss av for dagopphald. Skriv ut skjemaet, skriv under og send skjemaet til Bjørnafjorden kommune, avdeling for forvaltning og koordinering, pb 24, 5649 Eikelandsosen. Dersom det er andre som søkjer for deg, må du legge ved fullmakt. Kva skjer vidare med søknaden? Kva kostar tenesta? Sjå oversikt over kommunale gebyr, prisar og avgifter. Prisane blir fastsette årleg av kommunestyret i Bjørnafjorden. Sist endra 08.06.2022 13:55