Omsorgsstønad

Omsorgsstønad kan bli gitt til privatpersonar som har eit særleg tyngande omsorgsarbeid i heimen. Målet er at familien kan halde fram med å ha omsorgen for sine nærmaste.

Kommunen legg til grunn berre oppgåver som blir rekna som nødvendige helse- og omsorgstenester når vi vurderer om du skal få omsorgsstønad. Det vil seie oppgåver som kommunen måtte ha utført, om ikkje du hadde gjort det.

Slik søkjer du om omsorgsstønad

Kva skjer vidare med søknaden?

Kor mykje får du i omsorgsstønad?

Kommunen skal sørge for at den omsorgstrengande sitt samla hjelpebehov blir dekka, men det er kommunen som i utgangspunktet vel kva form hjelpa skal ha. Vi kan tilby anna hjelp som dekker omsorgsbehovet, når dette er vurdert som det beste for den som treng omsorg, eller at det er betre bruk av kommunen sine ressursar.

Omfanget av omsorgsstønaden blir rekna ut frå omsorgsbelastning. Dersom brukaren mottar andre offentlege stønader, for eksempel hjelpestønad, blir dette trukke frå beløpet. Det vil seie at omsorgsstønaden blir vurdert ved endring av andre tenester/offentlege tilbod.

Omsorgsstønad blir stoppa når omsorgsarbeidet opphøyrer, som ved avlastningsopphald eller kortidsopphald i sjukeheim.

Den som mottar omsorgsstønad pliktar å informere kommunen i slike tilfelle og melde frå dersom behovet for hjelp endrar seg.

Kva skjer vidare med søknaden?

 

Kontakt

Avdeling for forvaltning og koordinering
Telefon: 91672072