Registrer oljetank

Frå 1. januar 2020 blei det ulovleg å bruke fossil fyringsolje til oppvarming av bygningar.
For å hindre forureining til grunnen er det ønskeleg at alle nedgravde oljetankar blir fjerna og sanert. Dette er regulert i forureiningsforskrifta. Kapittel 1 i forskrifta gjeld berre dersom kommunen har vedtatt ei lokal forskrift. Det har ikkje Bjørnafjorden kommune i dag.

Registrer oljetank

§ 7 i forureiningslova gir ei plikt til å hindre forureining. Gjennom denne paragrafen framgår det at ein skal hindre at forureining oppstår, og han gir òg forureiningsmynde heimel til å pålegge den ansvarlege å treffe tiltak.

Bjørnafjorden brann og redning har laga denne brosyren med svar på ofte stilte spørsmål om det nye regelverket for fossil fyringsolje og nedgravde oljetankar.  (PDF, 512 kB)

Har du andre spørsmål om nedgravd oljetank? Du finn oppdatert informasjon på miljødirektoratet sine nettsider.

Kontakt

Jan Olav Birkeland
Fagleder
Telefon: 98234449
Mobil: 98234449
Joakim Janssens
Fagarbeider m/særaldersgrense
Mobil: 47657435
Til toppen