Vi beklagar at alt ikkje er på plass enno....

Tekniske utfordringar gjer at du dessverre ikkje får opp telefonnummer når du søker etter tilsette i Bjørnafjorden kommune, berre e-postadresse. Ring sentralbordet på 56 57 50 00 for å bli sett over.
Nokre av søknadsskjemaa er heller ikkje på plass enno. Vi beklagar, og jobbar så raskt vi kan for å få alt til å fungere som det skal. Hastar det? Send ein e-post 

Tidleg innsats - hjelp og råd til unge som har problem med rus, speling og/eller dårleg psykisk helse

Er du uroa over at ein ungdom du kjenner har problem med rus, speling og/eller dårleg psykisk helse? Di handling kan endra retninga i eit ungt liv.

Jo tidlegare nokon får hjelp til å takle vanskane, jo større er sjansen for at dei kjem seg ut av den negative spiralen. Utan hjelp kan avhengigheit utvikle seg raskt, og øydelegge for både nåtid og framtid.

Tidleg innsats er namnet på ei tverrfagleg ressursgruppe som tilbyr hjelp for unge som har problem med rus, speling og/eller psykisk helse i Bjørnafjorden kommune.
 

Kva kan vi tilby?

  • Hjelp til å førebygge avhengigheit av rus eller speling hos unge mellom 14 og 25 år
  • Råd og rettleiing, støttesamtalar og oppfølging
  • Eventuell vidare tilvising til spesialisthelsetenesta
  • Koordinering av hjelpetilbod
  • Kort ventetid
  • Kompasset - samarbeid med politiet. Eit alternativ til straff eller oppfølging etter bekymringssamtale grunna bruk av ulovleg rusmiddel

Kven kan ta kontakt?

Den som er på veg inn i avhengigheit, ser det ofte ikkje sjølv. Difor er det ekstra viktig at vi som er rundt tar teikna på alvor.
Svært ofte er rusproblemet eit symptom på andre, bakanforliggande ting som den unge treng hjelp for å løyse.
Er du mor eller far, tante eller onkel, syster eller bror, lærar, helsepersonell, trenar, nabo, klassekamerat eller ven av ein ungdom som slit? Eller kjenner du sjølv at du har problem?

Ta kontakt med oss.

Slik tar du kontakt

Ring oss på telefon 948 42 068 i vanleg arbeidstid eller send e-post til tidleginnsats@bjornafjorden.kommune.no

Ruskonsulenten gir råd og rettleiing og/eller tar saka vidare til ressursgruppa Tidleg innsats.

Kontakt

Ressursgruppa Tidleg innsats
Hjelp til unge som har problem med rus, speling og/eller psykisk helse
Telefon: 948 42 068
Til toppen