Informasjon om føring av fråvær på vitnemålet

For inntil ti skuledagar i eit opplæringsår kan eleven krevje at følgjande fråvær ikkje blir ført på vitnemålet:

a)  dokumentert fråvær av helsemessige årsaker.

b) innvilga permisjon etter opplæringslova §2-11

For at fråvær av helsemessige årsaker etter bokstav a) ikkje skal førast på vitnemålet, må eleven legge fram ei legeerklæring som dokumenterer dette. Fråvær av helsemessige årsaker må vare meir enn tre dagar, og det er berre fråvær frå og med fjerde dagen som kan strykast. Ved dokumentert risiko for fråvær etter bokstav a) på grunn av funksjonshemming eller kronisk sjukdom, kan fråvær strykast frå og med første fråværsdag.

Her kan du søke om fråtrekk for fråvær