Meld frå om ulovleg forsøpling eller skadedyr

Oppdagar du akutt forureining må du kontakte brannvesenet på telefon 110

Det er den som har forsøpla som har ansvar for å rydde opp, enten det er på eigen eigedom eller på eigedom som andre eig.

Kommunen har ansvar for oppfølging av saker som gjeld ulovleg forsøpling. Det kan i nokon tilfelle være tvil om saka gjeld forsøpling eller om avfallet inneber fare for forureining, eller om det er privat eller kommunal eigedom.

Kva er ulovleg forsøpling

Det er fastsett i forureiningslova § 28 at det er forbode å tømme, etterlate, oppbevare eller transportere avfall slik at det kan verke skjemmande eller være til skade eller ulempe for miljøet. 

Avfall er i forureiningslova § 27 definert som «løsøregjenstander eller stoffer som noen har kassert, har til hensikt å kassere eller er forpliktet til å kassere».

Ulovleg forsøpling kan typisk være:

  • ulovleg deponering av avfall i naturen
  • samling eller etterlatte bilvrak og båtar
  • skjemmande avfall
  • deponering av jord, steinmassar, bygningsmateriell mm.
  • brenning av avfall

Ulovleg fylling/deponering av jord- og steinmasser blir meld vidare til byggesak for vurdering av oppfølging etter plan- og bygningslova.

Kommunen har ansvar for oppfølging av saker som gjeld ulovleg forsøpling. For å følgje opp det kommunale ansvaret, har Bjørnafjorden kommune inngått samarbeidsavtale med BIR.

Det kan i nokre tilfelle være tvil om saka gjeld forsøpling, om avfallet inneber fare for forureining, eller om det er privat eller kommunal eigedom. Dersom du ikkje har informasjon om alle forhold som det blir spurt om i skjemaet, så er det viktigaste er at du melder frå om kvar, og skildring av kva type forsøpling du trur at saka gjeld.

Samarbeidsavtale med BIR om tilsyn med forsøplingssaker

BIR sine oppgåver er å registrere forsøpling, sørge for opprydding og forebygge ulovleg avfallshandtering, villfyllingar, forsøpling i naturen  eller på privat og offentleg eigedom, inkludert fjerning av bilvrak, båtvrak.

Vidare har BIR ansvar for å følgje opp avfall i samband med utsalsstader, turistanlegg, utfartsstader mm ( forureiningslova § 35).
BIR sine oppgåver er å kartlegge type og omfang, ha dialog med den ansvarlege om rydding,og eventuelt følgje opp vidare med pålegg om rydding mm.
Ut frå dette og etter nærmare undersøking av saka, vil BIR og kommunen koordinere og sørge for at saka blir fulgt opp.

Meld frå om fulle eller forsøpla returpunkt (BIR si nettside)

Skadedyr

Du kan ikkje klage på skadedyr på eigen eigedom med mindre problema skuldast ein privatperson. Du bør uansett forsøke å ta saka opp med vedkommande før du melder til oss.

Meld frå om forsøpling/forureining/skadedyr

Basert på kva det gjeld, vil det bli formidla til rett instans. (Ein kan melde anonymt.)