Skuleskyss

Vestland fylkeskommune, ved Skyss, handterer skuleskyssen i Bjørnafjorden kommune. Har du spørsmål rundt skuleskyss, ta kontakt med skulen din.

Ordinær skuleskyss

Dersom det er lengre enn 4000 meter (2000 meter for 1. trinn) mellom heim og skule, har elevar i grunnskulen automatisk rett på gratis skuleskyss. 

Kvar enkelt skule informerer om skuleskyss og busskort ved skulestart. Ta kontakt med skulen din dersom du har  spørsmål om skuleskyss. 

Skuleskyss grunna særleg farleg eller vanskeleg skuleveg

Dersom eleven har særleg farleg eller vanskeleg skuleveg, kan de søke om skuleskyss, sjølv om ikkje kriteria til ordinær skuleskyss er oppfylte.
Sjå kart over vegar i Bjørnafjorden kommune som er rekna som særleg farlege eller vanskelege. 

Farlege eller vanskelege skulevegar er delt inn i raud og gul kategori:

  • Raud veg: Veg som er vurdert farleg for alle elevar på 1.–7. trinn. Dersom eleven bur i eit område med raud skuleveg, vil han eller ho få fornya skuleskyssen kvart skuleår.
    Merk: føresette må kvart år søke om denne fornyinga. 
     
  • Gul veg: Veg som er vurdert som vanskeleg, men ikkje farleg for alle elevar på 1.–7. trinn. Eleven må søke om skuleskyss på nytt kvart skuleår.
     
  • Blå veg: Vinterskyss 14. oktober til 31. mars. Veg som er rekna som særleg farleg eller vanskeleg berre i vinterhalvåret.  

Søk om skuleskyss grunna særleg farleg eller vanskeleg skuleveg.

Har du spørsmål til skulleskyss som gjeld spesifikt for ditt barn, kan du sende inn dette skjemaet.

Skuleskyss til skulefritidsordning (SFO)

Elevane har som hovudregel rett på skyss til start- og sluttid for undervisninga, ikkje til SFO. Unntaket er elevar med funksjonshemming og skyss som ikkje fører til ekstra skyss eller meirkostnader for fylkeskommunen.
Elevar som har fått innvilga spesialpedagogisk opplæring i SFO, har rett på skyss til SFO. Føresetnaden er at det er spesialpedagogisk personell i SFO i samband med opplæringa, og at SFO-tilbodet er gratis.

Ta kontakt med skulen for å søke om skuleskyss til SFO.

Skuleskyss for elevar som bur to stader

Dersom eleven bur tilnærma like mykje hos båe foreldra, og avstanden oppfyller krava til ordinær skuleskyss, kan eleven få gratis skuleskyss frå båe foreldra si adresse. Eleven har ikkje rett til fri skuleskyss i samband med vanleg samværsordning. Det må føreligge skriftleg dokumentasjon på at eleven bur tilnærma like mykje hos båe foreldre. Dersom eleven bur i to kommunar, er det kommunen der skulen ligg som har ansvar for å organisere og betale skyssen.

Ta kontakt med skulen for å søke om skuleskyss ved delt omsorg.

Fekk du ikkje svar på det du lurte på?

På Skyss si side om grunnskuleskyss finn du meir informasjon om reglane for skuleskyss. Ta eventuelt kontakt med skulen din.