Jodtablettar ved ei atomulukke

Jodtablettar skal du berre ta etter råd frå myndigheitene. Rådet gjeld berre for barn under 18 år, gravide og ammande. I heilt spesielle situasjonar er det òg aktuelt for vaksne 18-40 år. Tablettane beskyttar mot kreft i skjoldbruskkjertelen. Kjøp jodtablettar på apoteket for å lagra heime, slik at du har dei tilgjengeleg dersom det skjer ei atomulukke.

Kven bør ta jodtablettar?

NB! Jodtablettar er berre nødvendig for barn under 18 år, gravide og ammande. I heilt spesielle situasjonar med høg eksponering for radioaktivt jod kan det også vera aktuelt med jodtablettar til vaksne i alderen 18–40 år.

Råd om å ta jodtabletter vil ofte bli gitt sammen med eit råd om å opphalda seg innandørs i opptil to døgn. Det er derfor viktig å ha tablettane lagra heime. Jodtabletter kan du kjøpa reseptfritt på apotek.

Kvifor ta jodtablettar? 

Den viktigaste årsaka til rådet er at reaktordrivne utbåtar og isbrytarar jamleg seglar langs norskekysten. Viss det skulle skje eit alvorleg uhell med ein av dei, kan det bli aktuelt å gi råd om å ta jodtablettar.

Radioaktiv jod kan gi kreft i skjoldbruskkjertelen. Denne risikoen er størst hos barn, unge, gravide og ammande. Opptak av radioaktivt jod i skjoldbruskkjertelen kan blokkerast ved rask tilførsel av naturleg jod (jodtablettar). 

Jodtablettar beskyttar berre mot radioaktivt jod, og ikkje mot andre radioaktive stoff. 

Jodtablettar i Bjørnafjorden kommune

Kommunen har eit lager av jodtablettar som skal dekka barn og unge under 18 år, ammande og gravide. 

Vi har plassert jodtablettar på skular og i barnehagar i Bjørnafjorden kommune.

Dersom det skjer ei atomhending i skuletida, kan kommunal kriseleiing be skular og barnehagar om rask utdeling av jod til alle barn og unge. For dei som ikkje har lagra jodtablettar i heimen, er eigen barnehage/skule utleveringsstad også på fritida.

Skjema for samtykke til utdeling av jodtablettar for føresette til barn i barnehage og grunnskule

Helsestasjonane har jodtablettar til gravide og ammande.

Det er lite sannsynleg med jodråd no

Direktoratet for strålevern og atomtryggleik (DSA) seier det er lite sannsynleg at det blir nødvendig å ta jodtablettar i Noreg som følgje av situasjonen i Ukraina. 

Sjå meir informasjon:

Kva kan du gjera for å beskytta deg ved ei atomulukke? (DSA)

Informasjon om jodtablettar og krigen i Ukraina (Statsforvaltaren i Vestland)