Tilrettelegging for barn med nedsett funksjonsevne

Kommunen skal sikre at barn med nedsett funksjonsevne får eit eigna, individuelt tilrettelagt barnehagetilbod. Vår plikt gjeld tiltak som er nødvendige for at barnet skal kunne bruke og ha nytte av barnehageplassen.

Kva er nedsett funksjonsevne?

Omgrepet nedsett funksjonsevne omfatter ulike fysiske funksjonsnedsettingar, utviklingshemming, språk – og talevanskar, åtferdsvanskar og psykiske lidingar. Gjennom nasjonal lov og internasjonale konvensjonar har personar med nedsett funksjonsevne sikra rett til å kunne delta i samfunnet på lik linje med funksjonsfriske. Det betyr at barn med nedsett funksjonsevne skal ha moglegheit til å delta i barnehagen i like stor grad som funksjonsfriske barn.

Kva seier barnehageloven §37?

Barnehagelova §37 seier at kommunen skal sikre at barn med nedsett funksjonsevne får eit egna individuelt tilrettelagt barnehagetilbod. Plikta til tilrettelegging omfattar ikkje tiltak som inneber ei uforholdsmessig byrde for kommunen. I vurderinga av om tilrettelegginga inneber ei uforholdsmessig byrde, skal det særleg leggast vekt på tilrettelegginga si effekt for å byggje ned funksjonshemmande barrierar, dei nødvendige kostnadane ved tilrettelegginga og verksemda sine ressursar.

Målsettinga med tilrettelegging etter barnehagelova §37 er ikkje ei endring eller utvikling hos barnet, men å tilpassa omgivnadane til barnet slik at barnet kan bruke barnehageplassen sin.

§37 er enkeltvedtak om kommunen si tilrettelegging av barnehagetilbodet for eit namngitt barn med nedsett funksjonsevne i barnehagen.
Kommunen må sikre at alle vedtak om tilrettelegging er forsvarleg utreda og begrunna jf. krava i forvaltningsloven § 17 og §25

Kva kan eit vedtak etter §37 vere:

  • Kompetanseheving for dei tilsette
  • Fysiske endringar i bygget
  • Leiker for til dømes synshemma
  • Hjelpemidlar
  • Ev. støtte i form av ekstra bemanning
  • Hjelp til organisering av barnehagetilbodet rundt barnet med nedsett funksjonsevne
Kva er forskjellen mellom tilrettelegging §37 og spesialpedagogisk hjelp §31?

Målsettinga med tilrettelegging etter barnehageloven § 37 er ikkje ei endring eller utvikling hos barnet, men å bygge ned barrierane i barnehagen som gjer at barnet ikkje kan nyttiggjere seg av barnehagetilbodet på lik linje med andre barn. 

Formålet med spesialpedagogisk hjelp etter barnehageloven § 31, er å gi barn tidleg hjelp og støtte i utvikling og læring av for eksempel språklege og sosiale ferdigheiter. Dette til forskjell frå tilrettelegging, der formålet er å tilpasse omgivnadane til barnet, slik at barnet kan bruke barnehageplassen sin. 

Kva er kommunens ansvar?

Kommunen skal sikre at barn med nedsett funksjonsevne får eit eigna individuelt tilrettelagt barnehagetilbod. Barn med nedsett funksjonsevne skal kunne delta i barnehagen på lik linje med andre barn. Kommunen si plikt gjeld for barn med nedsett funksjonsevne, som er busett i kommunen og som har barnehageplass. 

Kva er barnehagen sitt ansvar?

Barnehagelova §2 tredje ledd stiller krav til at barnehagen skal tilpasse tilbodet blant anna ut ifrå barnet sitt funksjonsnivå. Det betyr at barnehageeigar har eit sjølvstendig ansvar for å sjå til at også barn med nedsett funksjonsevne får eit barnehagetilbod i tråd med lova. Barnehageeigar sitt ansvar er likevel avgrensa til kva barnehagen kan gjere innanfor dei ordinære rammene.

Kommunens tilretteleggingsplikt må avgrensast mot barnehagens plikt og ansvar for tilrettelegging innanfor det ordinære barnehagetilbodet. Ut i frå barnehagelova §§ 1 og 2, saman med rammeplanen, er det barnehageeigars ansvar å gi individuell tilrettelegging og den strekk seg langt. Barnehagelova §§ 1 og 2, supplert med rammeplanen, er generelle anordningar som angir kva barnehagetilbodet til alle barn skal innehalde.

Det er barnehagens grunntanke at barnehagens innhald skal tilpassast gruppa og enkeltbarnet sine behov. Barnehagen skal gi kvart barn utfordringar med utgangspunkt i barnet sitt funksjonsnivå, ressursar og føresetnadar. Innhald og progresjon må planleggast etter dette.

Kva utløyser tilretteleggingsmidlar?

I følgje barnehagelova er det ikkje alle funksjonsnedsettingar som gir rett til støtte til tilrettelegging. Behovet til barnet blir vurdert i kvar enkelt sak. Det er individuelle forskjellar mellom barn utan at det på grunn av dette er tale om funksjonsnedsetting. Det blir lagt vekt på forhold som er innanfor normalvariasjonen i småbarnsalderen. Sentralt i vurderinga er om barnet har ei funksjonsnedsetting av ei slik art at det hindrar barnet til å bruke barnehageplassen på lik linje med andre barnehagebarn.

Dersom kommunen kjem til at barnet har nedsett funksjonsevne, må det konkretiserast i kva situasjonar barnet treng tilrettelegging, når det treng tilrettelegging, og korleis tilrettelegginga skal bli utført.

Kva kan tilrettelegginga gå ut på?

Tilrettelegginga skal bidra til at barnet skal kunne gå i barnehagen og kunne nyttiggjere seg av barnehagetilbodet og få likeverdige aktivitets- og utviklingsmoglegheiter som andre barn.

Dersom barnet ikkje kan få tilstrekkeleg tilrettelegging innanfor det ordinære barnehagetilbodet, er det kommunen som er ansvarleg for å tilrettelegge barnehagetilbodet.

Tilrettelegging kan vere endring av bygg for å tilpasse barnets behov eller støtte til utstyr som barnet trenger for å dra nytte av barnehagetilbodet. Tilrettelegging kan også være ekstra bemanning, opplæring av tilsette eller andre tiltak som er nødvendige.

Kva barnet har behov for må vurderast konkret i kvar enkelt sak. Det må vurderast kva situasjon barnet er i og kva støtte tiltaket vil ha for barnet. Dei konkrete tilretteleggingstiltaka skal være hensiktsmessige, for å møte behova barnet har.

Dersom eigna individuell tilrettelegging kan skje på ulike måtar, er utgangspunktet at kommunen kan velgje blant ulike effektive tilretteleggingstiltak. Dette skal skje i samråd med barnet sine føresette. Barnet sitt beste skal leggast til grunn i vurderinga. Barnehagen skal i størst mogleg grad fremje, inkludera og unngå segregering av barn med nedsett funksjonsevne.

Korleis melde om behov?

 

Avgjerda er eit enkeltvedtak etter forvaltningslova. Du kan klage på vedtaket til statsforvaltaren.

Kontakt

Karianne Moberg
Rådgjevar
Mobil: 91580151