Ambulerande skjenkeløyve og skjenkeløyve ved enkelthøve

Ambulerande skjenkeløyve/skjenkeløyve ved enkelthøve kan søkjast av personar som ønskjer å servera alkoholhaldig drikke i samband med eit lukka selskap eller eit bestemt høve.

Ambulerande skjenkeløyve 

  • Vert brukt ved bryllaup, jubileum og liknande.
  • Ikkje knytt til ein bestemt person eller skjenkestad, og gjeld berre skjenking til lukka selskap.
  • Arrangementet må vera ope berre for inviterte gjester. 
  • Vanlege medlemsmøte i ei foreining vil ikkje oppfylla lovas krav til lukka selskap. Klubbar med avgrensa medlemskap vert ikkje automatisk rekna som lukka selskap.

 Du må søkja om ambulerande skjenkeløyve dersom

  • Du leiger lokale og fleire tenester av utleigar, til dømes vasking og servering.
  • Du tar betalt for alkohol.
  • Arrangementslokalet har serveringsløyve.

Skjenkeløyve ved enkelthøve

  • Vert brukt ved enkeltarrangement som ikkje er lukka selskap.
  • Ansvarleg skjenkestyrar må vera over 20 år.

Du må søkja om skjenkeløyve ved enkelthøve dersom

  • Arrangementet ikkje er for eit lukka selskap.
  • Du inviterer/annonserer via annonsar, plakatar eller sosiale medier

Pris

Ambulerande skjenkeløyve til lukka selskap kostar kr 360 per gong.
Skjenkeløyve ved enkelthøve kostar vanlegvis kr 600 per gong.

Søk om ambulerande skjenkeløyve/skjenkeløyve ved enkelthøve

 

Når får eg svar?

Saksbehandlingstida er inntil tre veker frå du har sendt oss all naudsynt informasjon.