Ung Arena Bjørnafjorden kjem snart

Ung Arena er eit lågterskeltilbod for ungdom. Du er alltid velkommen, uansett grunn.

Her kan ungdom få vere og berre “henge”. Ung Arena er også eit samtaletilbod for unge mellom 13 - 20 år (8. klasse og oppover). Tilbodet er gratis, og alle som jobbar her har teieplikt.

Her vil du finne oss

Ung Arena skal halde til i heilt nye lokale i 2.etasje på Os Aktiv, og opninga håpar vi blir rundt august 2020. Eit ungdomspanel er med i planlegginga og utforminga av Ung Arena, og har ei sentral rolle i den vidare utviklinga.

Ung Arena skal vere ein trygg plass kor ungdom kan møte andre, og få hjelp om dei treng det. Vi kan hjelpe deg med konkrete oppgåver og utfordringar, som for eksempel jobbsøking, skulegang, personleg økonomi og samtalar rundt ulike tema.

Kven kan du treffe på Ung Arena?

Det er mange greie vaksne å snakke med, og som kan hjelpe deg, om du ønskjer det. Blant anna skal ungdomskonsulent, erfaringskonsulent, psykolog, helsesjukepleiar, ruskonsulent og representantar frå både barnevern og NAV vere innom, for å nemne nokre.

Vi vil snart vere å finne på sosiale medium. Følg med nærare opninga av Ung Arena. 

 

Kontakt

Elin Tuft
SLT-koordinator
Telefon: 908 10 495
Mobil: 908 10 495
Anne Solberg Andersson
Ungdomskonsulent / MOT-koordinator
Telefon: 56575903
Mobil: 97174931
Iselin Grønning Johannesen
Erfaringskonsulent
Telefon: 480 53 674
Til toppen