Strøsand til eldre

Eldre personar er særleg utsette for fall på glatt føre, og mange av falla skjer like ved bustaden. Strøsand kan vere med på å førebygge fall.
Bjørnafjorden kommune tilbyr difor ei bøtte gratis strøsand per husstand til eldre heimebuande i kommunen.

Kven kan få strøsand?

Personar over 70 år, som bur i Bjørnafjorden kommune. Tilbodet gjeld per husstand. Dersom du ikkje kan hente sjølv eller få hjelp av andre til å hente, kan vi levere. 

Kva kostar det?

Tenesta er gratis.

Slik går du fram 

Os-sida: Ta kontakt med Os frivilligsentral for informasjon om kor du kan hente strøsand, tlf. 94396618

Fusa-sida: Informasjon kjem