Om korttidsopphald og avlastingsopphald

Kven kan få tilbod om korttidsopphald?

  • Personar med behov for kartlegging av helsetilstand og funksjon/hjelpebehov 
  • Personar som treng opptrening for å få tilbake tapte funksjonar etter sjukdom eller skade, og flytte tilbake til eigen heim
  • Personar med behov for hjelp, der pårørande har store omsorgsoppgåver
  • Personar med varig funksjonssvikt eller brått fall i funksjonsnivå

Opphaldet kan vere rullerande, det vil seie at mottakaren kan veksle mellom å bu i eigen heim og opphald på institusjon.

Søk om plass

Kva kostar tenesta?

For korttidsopphald inntil 60 døgn i institusjon betalar mottakaren døgnpris. Korttidsopphald utover 60 døgn og langtidsopphald blir rekna ut etter inntekt, der forskrift for eigenbetaling gjeld.

Avlastingsopphald er gratis.

Til toppen