Informasjon og tilbod for pårørande

Pårørande utfører viktige omsorgsoppgåver, og er ein svært verdifull del av omsorgsfelleskapet. Vi ønskjer at du som er pårørande skal bli verdsett for innsatsen du gjer, og få informasjon, rettleiing og støtte når du har behov for det. 

På denne nettsida finn du lenker og aktuell informasjon.

Om avlasting

Ved langvarige og krevande omsorgsoppgåver kan du søke om å få avlasting. Avlasting kan vere døgnopphald på sjukeheim eller avlastingssenter, private besøksheimar eller ulike dagtilbod. Les meir om ulike typar avlasting og korleis du søker

Avlasting for barn

Varafjell avlastingssenter er eit tilbod for personar under 18 år med nedsett funksjonsevne. 

Avlasting for vaksne

Oshaugen dagsenter for eldre som bur heime.

Nyhagen dagsenter for personar med kognitiv svikt/demenssjukdom som bur heime.

Kuhnletunet dagsenter for vaksne med nedsett funksjonsevne.

Kontakto er eit dagtilbod og ein møteplass for menneske med psykiske vanskar.

Fritidstilbod

Støtte- og fritidskontakt er eit tilbod til personar i alle aldrar som ønskjer sosialt samvær og støtte til ei aktiv og meiningsfylt fritid.

Aktivitetsvenn er eit tilbod til personar med demenssjukdom.

Friskliv og meistring tilbyr individuell rådgiving, kurs og sosiale treningsgrupper for eit friskare liv.

Fritidstilbod for seniorar: Det skjer mykje heile året på Luranetunet og i Gamleheimshagen. 

Fritidstilbod for personar med nedsett funksjonsevne: Musikk, fotball, handball og andre aktivitetar.

Barn og unge som pårørande

Koordinator for barn som pårørande er eit tilbod om støtte og rådgiving til barn, ungdom og foreldre der foreldra sjølve, søsken eller andre nære har helsemessige eller andre vanskar.

Familieteamet  tilbyr rettleiing, kurs og grupper for foreldre, og samtaler med barn og foreldre. Familieteamet er sett saman av fagpersonar frå ulike einingar i kommunen.

Treffpunkt - ein møteplass for barn mellom 6 og 16 år som har ein i familien som har kreft eller som er død av kreft.

Helsestasjon for barn er eit tilbod for barn frå fødsel til skulealder. 

Helsestasjon for ungdom er eit tilbod til deg mellom 13 og 20 år. Her kan du snakke med helsesøster og lege.

Barneverntenesta i Bjørnafjorden kommune - hjelpetiltak for barnets beste.

Andre tilbod: 

Barns beste - nasjonalt kompetansenettverk for barn som pårørande

Snakketøyet - for trygge vaksne og barn når foreldre er sjuke

ungepårørende.no - landsdekkande tilbod for barn og unge

Individuell plan (IP)

Individuell plan er eit tilbod til personar som mottar hjelp frå to eller fleire instansar, og som har behov for koordinerte tenester. Ein koordinator i kommunen har ansvar for nødvendig oppfølging, samordning av tenestetilbod og framdrift i arbeidet med ein plan. Les meir om IP, kven som kan få og korleis du søker

Omsorgsstønad

Har du eit særleg tyngande omsorgsarbeid, kan du søke om omsorgsstønad

Økonomisk bistand

Du kan søke NAV om økonomisk bistand ved sjukdom i familien.

Grunn- og hjelpestønad

Stønad ved sjukdom i familien

Hjelpemiddel

Andre tilbod

Pårørendealliansen  Ein frittståande paraplyorganisasjon som skal synleggjere pårørande og arbeide for å forbetre deira vilkår og rettar, uavhengig av kven ein er pårørande til.

Pårørendesenteret.no (Stavanger). Ei landsdekkande nettside for pårørande

Pårørendesenteret i Oslo (PIO) Rettar seg spesielt mot pårørande til menneske med psykiske helseutfordringar og/eller rusproblem.

Er du berørt av en annens rusmiddelproblem? (brosjyre frå Kompetansesenter rus Midt-Norge)

Helsenorge Nyttig informasjon om rettar og tilbod for pårørande.

Når ein av våre nærmaste døyr (brosjyre frå Helsedirektoratet) Praktisk informasjon for etterlatne og råd for å bearbeide sorg.

Nasjonalforeningen for folkehelsen - demens Til deg som er pårørande til nokon med demenssjukdom.

Kreftforeningen Råd og tilbod for pårørande til nokon med kreft.

Pasient- og brukarombodet i Hordaland
Råd og rettleiing til pasientar og brukarar i møte med helse- og sosialsektoren. Ombodet er ikkje eit klageorgan, men hjelper til med å formulere og vidareformidle spørsmål eller klagar til den rette instansen.

Lærings- og meistringssenteret i Bergen er ein møteplass for pasientar, deira pårørande, helsepersonell og pasientorganisasjonar. Dei jobbar for at pasientar, brukarar og pårørande skal få informasjon og kunnskap, og at dei skal få hjelp til å handtere og meistre langvarig sjukdom og endringar i helsa si.  

 

Til toppen