Vanlege spørsmål om vass- og avløpsgebyr

Kommunestyret vedtar prisane for vass- og avløpsgebyra og dei ulike andre kommunale avgiftene. Her kan du sjå gebyr- og prisliste for Bjørnafjorden kommune.  (PDF, 867 kB)

Når får eg faktura for vass- og kloakkgebyr?

Vi sender ut faktura med gebyr for vatn og kloakk fast fire gonger i året. Dersom du har hatt feiing/tilsyn, er dette òg med på fakturaen. Forfallsdato for fakturaene er 31. mars, 30. juni, 30. september og 31. desember. Du kan velje å få faktura månadleg.

Korleis reknar de ut kor mykje eg skal betale?

Vass- og kloakkgebyra er delt i to: Eit abonnementsgebyr som er likt for alle, og eit forbruksgebyr som er rekna ut ifrå kor stor bustaden din er. Dersom du har vassmålar, fakturerer vi deg for målt forbruk.
Gebyr blir rekna ut frå det samla arealet av bygningar på eigedomen. Arealet blir målt etter NS 3490- Bruksareal. Det er også dette arealet som blir ført i matrikkelen (eigedomsregisteret) for kvar enkelt bygning.

Kva er eingongsgebyr?

Eingongsgebyret blir rekna per m2 bruksareal (BRA).

Utrekning og fakturering kan automatiserast, og du kan lett kontrollere at gebyret er riktig ved å kontrollere mot bruttoarealet som er registrert i matrikkelen.

Kva er årsgebyr?

Årsgebyret er delt i eit abonnementsgebyr og eit forbruksgebyr.

Abonnementsgebyret blir rekna ut ved å gange m2 bruksareal (BRA) med pris per m2.

Forbruksgebyret kan reknast etter målt eller stipulert forbruk.

  • Målt vassforbruk føresett bruk av vassmålar. Faktisk forbruk blir ganga med pris per m3.
  • Stipulert forbruk: Bruksareal (BRA) blir ganga med ein omrekningsfaktor (talet på m3 per m2 bruksareal per år) gange pris per m3.
Kva går pengane som eg betaler i vass- og kloakkgebyr til?

All drift og vedlikehald av vatn og avløp (leidningsnett, reinseanlegg, pumpestasjonar) er finansiert av pengane frå vass- og kloakkgebyr.

Kva skjer med vass- og kloakkgebyret dersom eg sel huset mitt og/eller skal overta nytt?

Eigar av eigedomen er ansvarleg for betaling av kommunale gebyr. Dersom det ikkje er tatt høgde for påløpte kommunale gebyr ved salsopppgjeret, er det altså kjøparen som er ansvarleg, sjølv om gebyret gjeld perioden før overtakinga.
Dersom du skal selja huset ditt, og alt har mottatt faktura, må du ordna ei eventuell oppdeling av fakturaen mellom deg og kjøpar. Vi deler ikkje opp faktura.

Må eg melde frå dersom eg flyttar?

Nei, det treng du ikkje. Vi får fortløpande opplysningar om adresseendring frå Folkeregisteret, så dette skal gå automatisk.

Eg har bygd nytt hus, men ikkje flytta inn enno. Må eg betale gebyr?

Vass- og kloakkgebyra løper frå månaden etter at ferdigattest er utskriven for huset ditt.

Eg har vassmålar. Korleis sender eg inn målarstand?

Send målarstand for vassmålaren på e-post 

Dersom du nettopp har installert vassmålar, blir akonto-beløpet stipulert på bakgrunn av areal, sidan vi ikkje har tidlegare avlesingar å stipulere ut ifrå. Ved avlesing på slutten av året, vil forbruket bli grunnlag for neste års akonto-utrekning.


Dersom du ikkje finn svaret du treng i oversikta, kan du sende spørsmålet ditt på e-post til kommunalegebyr@bjornafjorden.kommune.no.

Du kan óg ringe telefon 56 57 53 03 Telefontider: tysdag, onsdag og torsdag 9-11.30.