Bli barnehagelærar i Bjørnafjorden

Fransisco Munoz/Bjørnafjorden kommune

Som barnehagelærar i Bjørnafjorden kommune får du kollegaer som bryr seg om deg og kvarandre, og som er opptatt av å samarbeide om å skape trygge og gode rammer for leik og læring.

Å vere barnehagelærar skal ikkje kjennast einsamt, men vere eit felles prosjekt.

Finn ledige stillingar her

God oppfølging av nytilsette

Vi er opptatt av at alle nye lærarar skal føle seg trygge i jobben sin. Alle nytilsette i kommunen får delta i introduksjonsprogrammet “Ein sterk start”, eit oppfølgingsløp som sikrar gradvis innføring i ny jobb.

Inspirerande og mangfaldig fagmiljø

I Bjørnafjorden kommune kan vi tilby eit inspirerande og mangfaldig fagmiljø der vi jobbar målretta for å skape gode oppvekstvilkår for barna våre. Vi arbeider etter verdiane tryggleik, anerkjenning og meistring.

Barnehageutvikling står sentralt, med særleg vekt på livsmeistring og godt barnehagemiljø. Satsingsområda er språk, leik, realfag, inkluderande barnehagemiljø og livsmeistring for alle.

Kompetanseløftet for spesialpedagogikk og inkluderande praksis

Satsinga på kompetanse omfattar heile laget rundt barna og elevane, og skal bidra til at den spesialpedagogiske hjelpa er tett på dei barna som har behov for det. Målet er at alle barn og unge skal få eit godt tilpassa og inkluderande tilbod i barnehage og skule.

Les meir om kompetanseløftet

VERD-SETT - folkehelsearbeid for barn og unge

Våren 2021 starta vi opp det treårige folkehelsearbeidet “VERD-SETT, saman om livsmeistring og fråværsførebygging”. Det overordna målet er å jobbe saman på barn og unge sine oppvekstarenaer for å styrke meistringsevne og psykisk helse, og for å auke nærvær og førebygge utanforskap.

Les meir om VERD-SETT

Arbeidsplassane

Vi har mange barnehagar i Bjørnafjorden kommune med flotte barn og dyktige og engasjerte barnehagelærarar.

Sjå barnehagane våre

Om Bjørnafjorden kommune

Bjørnafjorden kommune ligg i idyllisk fjordlandskap, ein kort køyretur sør for Bergen. Nye E39 opna hausten 2022, og gir ei reisetid på berre 15 minutt mellom Os sentrum og Bergen.

Les meir om korleis det er å jobbe i Bjørnafjorden