Spesielle miljøtiltak innan landbruk

Gjeld tilskot til tiltak som fremjar natur- og kulturverdiane i kulturlandskapet i jordbruket og reduserer forureininga frå jordbruket.

Kven kan søkje?

Den som eig eller leiger ein landbrukseigedom der det går føre seg jordbruksproduksjon med tilskotsrett, kan søkje tilskot. Den som leiger, må ha godkjenning frå eigaren. Privatpersonar og føretak kan søkje om tilskot.

Slik søkjer du

Søk om tilskot til spesielle miljøtiltak i jordbruket (SMIL)

Søknadsfrist er 1. april.

Formålet er å fremje natur- og kulturminneverdiane i jordbrukets kulturlandskap og redusere forureininga ut over det som kan forventast gjennom vanleg jordbruksdrift.

Prosjekta og tiltaka skal prioriterast ut fra lokale målsettinger og strategier. Søknadane behandlast fortløpande av Landbrukskontoret inntil årets midler er brukt opp.

SMIL-ordninga er fastsett i forskrift om tilskudd til spesielle miljøtiltak i jordbruket. 
Sjå lokal retningslinje for tildeling av tilskot til spesielle miljøtiltak i landbruket  (PDF, 748 kB)

Kontakt

Karianne Agathe Tveitnes
Rådgjevar
Telefon: 45632100
Mobil: 45632100