Fysioterapi for barn og unge

Barn og unge med motoriske vanskar, nedsett funksjonsevne eller smerter og plager frå muskel-skjelett systemet kan få undersøking og vurdering av barnefysioterapeutar i kommunen. Vi treffer barnet i lokala våre på Luranetunet (Os) eller Fusa bu-og behandlingssenter, på helsestasjonen, i barnehagen, på skulen eller på heimebesøk.

Kven kan få tilbodet?

Barn og unge under 18 år som har ulike utfordringar med bevegelse og motorikk kan få hjelp. 

Vi møter ofte barn med lettare motoriske vanskar, som til dømes utfordringar i høve til grov- eller finmotorisk utvikling. Andre grupper er barn med meir alvorlege utviklingsforstyrringar og barn utsett for akutt skade eller sjukdom. Det kan òg vere barn med kroniske lidingar, som nevrologiske, revmatiske og ortopediske sjukdomar, psykiske vanskar eller hjarte- og lungeproblematikk.

Nokre av barna vi møter har samansette vanskar med behov for tverrfaglig oppfølging. Der det er aktuelt, samarbeider vi med andre faggrupper som for eksempel ergoterapeut, helsesjukepleiar, PPT, personalet i barnehagen/ skulen og med spesialisthelsetenesta.

Kva kan du få hjelp til? 

  • Kartlegging av funksjon og ressursar
  • Vurdering, tilpassing og tilrettelegging av trening, aktivitet og leik.
  • Behandling og opptrening.  
  • Rådgiving og rettleiing av føresette og samarbeidspartnarar.
  • Formidling av tekniske hjelpemiddel.  

Slik søker du

Barn og unge ved føresette kan sjølv søke om tenesta. For at vi skal vite kva barnet treng hjelp til, må de fylle ut søknadsskjema. Foreldre kan også kontakte helsestasjonen, fastlegen, barnehagen/skulen eller andre instansar i kommunen for å få hjelp til å fylle ut og sende søknad for barnet. 

Digitalt søknadsskjema

papir søknadsskjema Fyll ut og skriv ut skjemaet og send til ein av desse adressane, avhengig av kvar i kommunen du bur: 

Bjørnafjorden kommune
Ergo-/fysioterapitenesta for barn
Solstrandvegen 39

5200 OS

Bjørnafjorden kommune
Ergo-/fysioterapitenesta for barn
Leitet 28
5640 EIKELANDSOSEN

Barn og unge kan også få opptrening/behandling hos fysioterapeut på institutt. Sjå link til nettside.

Pris

Tenesta hos kommunefysioterapeut er gratis.

Kva skjer vidare?

Du får enten ein telefon for å avtale time, eller ei innkalling i posten, når fysioterapeuten har ledig tid til deg.