For støtte- og fritidskontaktar

Ein støttekontakt hjelper personar i alle aldrar som har behov for sosialt samvær eller støtte til å ta del i kultur- og fritidsaktivitetar utanfor heimen. Støttekontakten får godtgjering av kommunen. 
Ein støttekontakt kan gå på besøk til tenestemottakaren, bli med på tur, kino, kafé, trening eller andre sosiale aktivitetar. Tenestemottakaren sine interesser og ønskje avgjer. Det skal vere givande både å ha og å vere støttekontakt.

Støttekontakten er oppdragstakar, og ikkje fast tilsett i Bjørnafjorden kommune.

Kven kan vere støttekontakt?

Vi krev ingen fagbakgrunn.
Du må

  • vere påliteleg og stabil
  • ha gode samarbeidsevner
  • ha respekt for andre menneske
  • ha overskot til å gi av deg sjølv
  • ha evne til å etablere kontakt
  • vere trygg på deg sjølv
  • kunne sette grenser

Det skal vere givande og hyggeleg å vere støttekontakt. Samstundes er det viktig at tilbodet til tenestemottakaren blir både tenleg og forsvarleg. Alder, kjønn, personlegdom og interesser speler ei avgjerande rolle når vi skal kople støttekontakt og tenestemottakar.

Last ned brosjyre: For støttekontaktar i Bjørnafjorden kommune  (PDF, 4 MB)

Vil du bli støttekontakt? Fyll ut interesseskjema
Har du fått tilbod om å vere støttekontakt? Rettar og plikter

For at kommunen skal kunne betale ut godtgjersle, treng vi meir informasjon frå deg.

Fyll ut skjema for stadfesting av rettar og plikter, og send inn.

For deg som er støttekontakt: her finn du rapportskjema

Du som er støttekontakt i Bjørnafjorden kommune skal levere halvårsrapport for oppdraget to gonger kvart år, innan 1. april og 1. oktober. 
Fyll ut rapportskjema for støttekontaktar 


 

Slik fører du timar. Her finn du lenker til Visma.

Skal du fylle ut timeliste, reiserekning eller kreve refusjon for andre utlegg? 
Slik går du fram  (PDF, 2 MB) (PDF, 2 MB)
 

Kontakt

Magda Haugen
Leder
Telefon: 91776395
Mobil: 91776395
Åse Berit Skeie Ulltang
Spesialkonsulent
Telefon: 90035387
Mobil: 90035387