Bufellesskap for vaksne med alvorleg psykisk liding

Bjørnafjorden kommune har to bufellesskap for personar over 18 år med alvorleg psykisk liding: Stegen og Grantun, og ein krisehybel. Bufellesskapa ligg sentralt i Os, nær butikk og kollektivtransport.

Kva tilbyr vi?

Vi tilbyr individuell oppfølging i samband med daglege gjeremål og aktivitetar, samt tilbod om og støtte ved deltaking i fellesskap.

Bufellesskapa har både faste og spontane aktivitetar gjennom veka, tilpassa ønskje og behov, vêr, årstider og høgtider.
Individuelle aktivitetar kan vere husarbeid, handling, samtalar, turar, spel, følge til timeavtalar og liknande. Fellesaktivitetar er til dømes måltider, trening i gymsal, turar i nærområdet, førebuing og markering av høgtider.

Ei tverrfagleg personalgruppe arbeider for og saman med bebuarane for å gi best mogleg tilbod og oppfølging.  Visjonen vår er å skape eit miljø som er trygt, føreseieleg, trivselskapande og som gir rom for eigenutvikling. Den enkelte leigetakar skal få høve til sjølvstende i eige husvære og til fellesskap med andre.

Stegen bufellesskap

Bufellesskapet har seks leilegheiter med eitt soverom, bad/vaskerom, kombinert stue- og kjøkkenløysing og terrasse.Vi har i tillegg ei felles stue, kjøkken, toalett og uteområde. Stegen bufellesskap er bemanna på dagtid og éin ettermiddag i veka. I helger og på heilagdagar er personale frå Grantun bufellesskap tilgjengeleg ved behov.

Kontakt Stegen bufellesskap og firemannsbustaden:

  • tlf. 415 32 440

Grantun bufellesskap

Bufellesskapet har seksten leilegheiter fordelte på to hus. Fire av desse ligg i eit frittståande hus ved hovudbygget. Leilegheitene har eitt soverom, bad/vaskerom, kombinert stue- og kjøkkenløysing, altan/terrasse og bod i felles kjellar eller i tilknytning til eitt av husa. Nokre av leilegheitene har eit ekstra soverom. Bufellesskapet har i tillegg ei felles stue og kjøkken, toalett og uteområde. Grantun bufellesskap er døgnbemanna alle dagar.

Kontakt Grantun bufellesskap:

  • 1. etasje: tlf. 468 33 767
  • 2. etasje: tlf. 481 11 775

Krisehybelen

Hybelen ligg i Grantun bufellesskap, og tilbyr opphald for menneske i krise. Opphaldet skjer etter avtale med leiar, gjennom helsetenesta i kommunen, lege eller politi, og varer i utgangspunktet inntil tre dagar. Hybelen har eit lite opphaldsrom med kjøkkenkrok og tilhøyrande bad. 

Kven kan søke om plass i bufellesskap?

Målgruppa for bufellesskapa våre er menneske over 18 år som ikkje sjølve eller ved annan offentleg støtte greier å skaffe seg tilfredsstillande bustad, og som treng bustad med særleg tilpassing som følge av alvorleg psykisk liding.

Les meir om kommunale bustader her før du søker 

Slik søkjer du

Søknaden sender du til Bustad- og flyktningtenesta. Postboks 24. 5649 Eikelandsosen. Hugs å behalde ein kopi av søknaden.

Kontakt

Åse Kristin Uglehus
Leder
Telefon: 99533798
Mobil: 99533798