Vegbygging

Om du skal hogge skogen din, kan det hende at du treng å bygge skogsvegar. Dersom skogen ligg i bratt terreng, er det òg stor sjanse for at du både bør og må samarbeide med naboane dine. Jo større tømmervolum vegen løyser ut, jo rimelegare blir vegbygginga for deg. Og jo kortare terrengtransport av tømmeret, jo lågare blir driftskostnaden.

Bygging av skogsveg er den største investeringa du gjer i skogen din. For å få den beste vegløysinga, er det viktig med god planlegging, både av når og kvar vegen skal byggast. Ta kontakt med skogsansvarleg i kommunen for å få hjelp! Vegplanen må godkjennast av kommunen før det kan byggast. Kommunen behandlar òg søknad om tilskot.
I skogbruket er det ingenting som hastar. Hogst og veg bør planleggast godt og i samarbeid med naboane. Store verdiar kan stå på spel ved manglande planlegging. Søk derfor råd frå skogansvarleg i kommunen som også kan sette deg i kontakt med ein profesjonell vegplanleggar.

Avkøyring er søknadspliktig

Om du planlegg å opparbeide, endre eller utvide ei eksisterande avkøyring frå ein offentleg veg til ein skogsveg, må du søke om løyve til det. Slike søknader blir behandla av Statens vegvesen når det gjeld riksvegar og av kommunen ved kommunale vegar. Fylkeskommunen får slike søknader når avkøyringa er til ein fylkesveg.

Du bruker same søknadsskjema for alle vegar. I søknadsprosessen blir du ruta til riktig instans når du vel eit punkt i kartet. Les meir om dette her.
Søk om bygging av landbruksveg

Digitalt søknadsskjema for bygging av landbruksveg, (basert på LDIR 902).

Nyttige lenker:

Kontakt

Michal Westfal
Rådgjevar
Telefon: 99086269
Mobil: 99086269