Nynorskhjelp

Valfridomen er stor! Det utruleg mykje som er lov å skrive på både nynorsk og bokmål. Du lærte kanskje på skulen at det er fy-fy å skrive an-, be-, -het og -else på nynorsk? Ikkje no lenger. Du kan til dømes skrive anbefale, behandle, friheit, sikkerheit og til og med følelse!

Bruk ordboka på nett!

Gå til nynorskordboka på nett

Skriv inn ordet og klikk på "vis bøying" for å sjå korleis du skriv ordet i ulike former.

Dette er fasiten for kva og korleis du kan skrive på norsk. 
Flinke skribentar brukar ordboka aktivt!

Ord vi brukar ofte 

Slik blir du betre i nynorsk

  • Bruk ordboka, ikkje gjett! 
  • Les tekster på nynorsk! Bøker, aviser, artiklar, nettstader.
  • Skriv nynorsk konsekvent når du er på jobb! I e-post til kollegaer, notat og presentasjonar.
  • Minn deg sjølv på at nynorsk er vedtatt som administrasjonsmålform i kommunen du har valt å jobbe i. Det er hovudmålet ditt, ikkje sidemålet.
  • Skriv eit barn - fleire barn, framfor fleire born 
  • Skriv behandle, framfor handsame. Saksbehandlar, ikkje sakshandsamar. Politisk behandling, ikkje politisk handsaming.
  • Skriv dobbel konsonant: komme, velkommen, venn, lønn, utbytte, framfor kome, velkomen, ven, løn, utbyte.
  • Skriv først, framfor fyrst (ønske, framfor ynske osb.)
  • Også eller òg.
    • Eg vil også vere med. Eg vil òg vere med. (NB! Hugs streken over o-en i òg, elles blir det berre eit vanleg og, som i du og eg)
  • Skriv hos, framfor hjå.

Kva heiter det på nynorsk?

Språkrådet har ei veldig praktisk oversikt over forslag til nynorske ord for vanlege «administrative» ord og vendingar:

Gå til administrativ ordliste

Vanlege feil

  • Antall er bokmål (antall barn i barnehage). Skriv talet på barn, ikkje tal barn.
  • Samt er bokmål. Skriv og, (og) dessutan, i tillegg.

Bøying av viktige ord

  • arbeider–arbeidde (å arbeide)
  • knyter–knytte (å knyte)
  • leier–leidde (å leie)
  • lønner–lønte (å lønne)
  • søker–søkte (å søke/søkje)
  • ønsker–ønskte (å ønske/ønskje)
  • merker–merkte (å merke/merkje)
  • området – fleire område – alle områda
  • lokalet – fleire lokale – alle lokala

Hugs at -heit-ord er hokjønnsord i nynorsk:

ei nyheit – nyheita – nyheiter – nyheitene

Råd om omskriving

Om du ikkje vil bruke eit -heit-ord, kan du ofte skrive om. Men det bør ikkje gjerast mekanisk, og i mange tilfelle bør ein la -heit-ord stå. Råda nedanfor kan vera nyttige, til dømes når du skal omsette tekst frå bokmål til nynorsk:

Skil -het frå stamma og erstatt endinga med eit substantiv:

  • Tiltalte forsvarte seg med verdighet >
    Den tiltala forsvara seg på ein verdig måte / på verdig vis.
  • Regjeringen har vist sterkt engasjement for forutsigbarhet i ressursfordelingen >
    Regjeringa har vist sterkt engasjement for ei føreseieleg fordeling av ressursane.
  • Det er økende sannsynlighet for at >
    Det er/blir meir og meir sannsynleg at / stadig meir sannsynleg at
  • Regjeringen har lagt vekt på langsiktighet i den økonomiske politikken. >
    Regjeringa har lagt vekt på å føre ein langsiktig økonomisk politikk.

Bruk adjektivdelen av -het-ordet saman med eit verb som vere eller bli:

  • Det er økende sannsynlighet for at >
    Det er/blir meir og meir sannsynleg at / stadig meir sannsynleg at

Tilbake til hovudsida 

Artikkelliste