Kontakto - eit dagtilbod for deg med psykiske vanskarKontakto er eit dagtilbod og ein møteplass for menneske med psykiske vanskar. Tilbodet er frivillig, og du kan bruke Kontakto i den grad du sjølv vil.Vi ønskjer å motverke kjensla av einsemd og isolasjon, og legge til rette for at du kan ta i bruk eigne ressursar. Vi ønskjer å følgje, støtte og rettleie deg i kvardagen din og gi deg eit trygt og stabilt tilbod med høg grad av toleranse, kontinuitet og omsorg.Du finn Kontakto i den gamle prestebustaden på Giskavollen 5.Kva kan vi tilby? Tur Bowling og golf Teningsapparat Strikkeklubb Glassmaling og terapeutisk maling Svømming i bassenget på Luranetunet Sanserommet på Kuhnletunet Tur på teater Data og internett Vi lagar mat saman og kosar oss med felles måltid Vi pratar saman og er til støtte og hjelp for kvarandre Vi har årlege tradisjonar, som t.d. blåtur, haustfest, hyttetur og julebordOpningstidMåndag, tysdag, torsdag og fredag kl. 09.30-15.00Onsdag kl. 18.00-21.00Personalet er tilgjengeleg i opningstida.Kven er tilbodet til?Tilbodet er for vaksne over 18 år med psykiske vanskar.Slik søkjer du Dersom det er andre som søkjer for deg, må du legge ved fullmakt Fyll ut felles søknadsskjema for helse- og velferdstenester (PDF, 127 kB) Skriv ut skjemaet, skriv under og send skjemaet til Bjørnafjorden kommune, avdeling for forvaltning og koordinering, postboks 24, 5649 EikelandsosenKva skjer vidare med søknaden?Kva kostar tenesta?Sjå oversikt over kommunale gebyr, prisar og avgifter.Prisane blir fastsette årleg av kommunestyret i Bjørnafjorden. Sist endra17.02.2020 08.44