Rask psykisk helsehjelp (RPH) er eit gratis behandlingstilbod til deg over 18 år med milde til moderate symptom på depresjon, angst, søvnvanskar og begynnande rusutfordringar.
Tilbodet er basert på behandlingsforma kognitiv åtferdsterapi.
Kognitiv åtferdsterapi handlar om samanhengen mellom tankar, handlingar og følelsar. Saman med terapeuten jobbar du med eigne utfordringar og du lærer nyttige verktøy til bruk i kvardagen.
Eit viktig mål er å bryte dei sjølvforsterkande vonde sirklane som opprettheld psykiske helseproblem.
For meir informasjon om kognitiv åtferdsterapi, sjå Kognitiv terapi | Norsk forening for kognitiv terapi
Tilbodet passar for deg som:
- Slit med overdriven grubling og bekymring
- Er trist eller nedstemt over lang tid
- Opplever at angst og indre uro begrenser deg
- Opplever stress og belastning i kvardagen
Tilbodet er ikkje eigna dersom du:
- Har behov for akutt helsehjelp
- Står i ei akutt livskrise, eller har behov for langvarig behandling
- Mottar anna psykisk helsehjelp
Ved behov for akutt helsehjelp, ta kontakt med fastlegen din eller legevakta på telefon 116117.
Tilbodet i Rask psykisk helsehjelp:
Behandlinga er kurs, rettleia sjølvhjelp og i nokre tilfelle individuelle samtaler.
Kurs
Kursa vil vere basert på kognitiv åtferdsterapi, og handle om å forstå angst, depresjon, søvnvanskar og andre aktuelle tema.
Sjå kursdatoar våren 2023
Rettleia sjølvhjelp
Rettleia sjølvhjelp er eit digitalt behandlingsprogram der du arbeider heime, samtidig som du får rettleiing frå ein terapeut, på telefon eller oppmøte, kvar veke.
Individuelle samtalar
I nokre tilfelle vil det vere hensiktsmessig med individuelle samtalar ved oppmøte hos terapeut.
Eit behandlingsprogram varer i om lag 6-8 veker.
For å ha best mogleg effekt av tilbodet er det viktig med eigeninnsats og at du har kapasitet til å arbeide med verktøya i kvardagen din.
Målet er å gi tidleg behandling og hjelp for å førebygge sjukdomsutvikling.
Tilbodet er gratis.
Er dette aktuelt for deg?
Send ein e-post med full namn og telefonnummer til rask.psykisk.helsehjelp@bjornafjorden.kommune.no
Skriv i e-posten om du ønskjer å delta på kurs.
(Dersom lenka over ikkje virker for deg, kan du kopiere den inn i mottakerfeltet i ein epost.)
Vi tar kontakt med deg for ein kartleggingssamtale.
NB! Ikkje skriv sensitive opplysningar i e-posten, til dømes omfattande forklaring på kvifor du søker hjelp eller tidlegare sjukdomshistorie.
Vi jobbar i Rask psykisk helsehjelp i Bjørnafjorden:
Frå høgre: Maren Millen Assev, kognitiv terapeut/spesialsjukepleiar, Hildegunn Breivik, spesialsjukepleiar under RPH-utdanning og Ane Rørvik, sjukepleiar under RPH-utdanning.
Sjå filmen med Harald og Herdis - tidlegare deltakarar på Rask psykisk helsehjelp i Bergen kommune: