Skulefritidsordninga (SFO)

SFO er eit tilbod før og etter skuletid og i nokre skuleferiar for barn i 1. til 4. årstrinn, og for barn med særskilde behov opp til 7. årstrinn. Alle barneskulane i Bjørnafjorden kommune har SFO-tilbod. 

Søk om plass, endre eller sei opp plass  

Om SFO i Bjørnafjorden 

SFO-tilbodet
  • SFO tilbyr 100 % plass (kl. 7.30-16.30.), 80 %, 60 % eller 40 % av heil plass.
  • Nokre skular tilbyr utvida tid, 7.00-7.30. Det er òg mogleg å kjøpe enkeltdag. Ta kontakt med skulen din for å høyre kva tilbod dei har.
  • SFO har hovudopptak i april for barna som startar på skulen i august, men du kan søke om plass heile året.
  • Barnet har plassen i SFO til dei går ut av 4. klasse eller seier han opp.
  • Barn med særskilde behov kan søke om SFO-plass til og med 7. klasse.
12 timar gratis SFO for 1., 2. og 3. trinn
  • Alle barn på 1. -3. trinn som går på SFO, får 12 timar trekt frå på prisen. (3. trinn frå og med 1. august 2024).
  • 12 timar SFO i veka er gratis. Tilbodet er fordelt før skulestart og etter at skulen er slutt for dagen. 
    Sjå kva som er gratis opphaldstid på SFO ved din skule 
    NB! Du må søkje om plass, sjølv om tilbodet er gratis.
  • Utvida tid på SFO må du framleis betale for.
  • Dersom du har søkt om redusert foreldrebetaling for SFO, har du rett på dette i tillegg.
  • Det er ikkje mogleg å kombinere fleire plasstypar. 
Skal du seie opp eller endre plassen?

Slik kan du seie opp eller endre SFO-plass:

Gå inn i søknadsportalen, vel "Mi side" og deretter "Mine plasseringer". 
Då får du opp kvar barnet ditt/barna dine har plass, og du kan endre eller seie opp plassen. 
Det er to månaders oppseiingstid frå den 1. i påfølgande månad for å seie opp eller endre plass i SFO.

SFO i skuleferiar
  • Skulefritidsordninga følgjer skuleruta.
  • I feriar er det open SFO ved ein skule på Fusa-sida av fjorden og ein skule på Os-sida, slik at elevar ved dei andre skulane kan nytta dette tilbodet.
    • Skulane har eiga påmelding til ferie-SFO.
    • Betaling for ferie-SFO kjem i tillegg til betaling for vanleg SFO.

Gå til ferieopen SFO

Prisar for SFO
Skulefritidsordning (SFO)
Satsar per månad 2024-25 Haust/vår 1.-3. trinn 2024-25 Haust/vår 4. trinn 2025-26 Haust/vår 1.-3. trinn 2025-26 Haust/vår 4. trinn
100% (5 dagar), opphaldstid 07.30-16.30 kr 1340 kr 3070 kr 1406 kr 3230
100% (5 dagar), tillegg for utvida dag med opphaldstid 07.00-07.30* kr 1680 kr 3400 kr 1771 kr 3580
80% (4 dagar), opphaldstid 07.30-16.30 kr 810 kr 2770 kr 854 kr 2904
80% (4 dagar), tillegg for utvida dag med opphaldstid 07.00-07.30* kr 1120 kr 3030 kr 1173 kr 3184
60% (3 dagar), opphaldstid 07.30-16.30 kr 130 kr 2150 kr 133 kr 2258
60% (3 dagar), tillegg for utvida dag med opphaldstid 07.00-07.30 * kr 370 kr 2350 kr 390 kr 2468
40% (2 dagar), opphaldstid 07.30-16.30 Gratis kr 1540 Gratis kr 1612
40% (2 dagar), tillegg for utvida dag med opphaldstid 07.00-07.30 * kr 130 kr 1670 kr 140 kr 1752
Inntil 12 timer Gratis NA Gratis NA
Kjøp av enkelt dag kr 285 kr 285 kr 300 kr 300
Gebyr for for seint henta barn i SFO, per gong kr 490 kr 490 kr 510 kr 510
* Den einskilde skule vurderer om dei kan gje tilbod om utvida dag.

 

Ferieopen SFO
Ferieopen SFO 2024-25 Haust/vår 1.-3. trinn 2024-25 Haust/vår 4. trinn
Pris per veke** kr 845 kr 1150
Gebyr for for seint henta barn i SFO, per gong kr 490 kr 490
**To skular har tilbod om SFO i skuleferiar (haustferie, vinterferie, ei veke i juni og to veker i august).


Desse prisane blei vedtatt av Bjørnafjorden kommunestyre 11. mai 2023.
Faktura blir sendt ut kvar månad, med betalingsfrist i slutten av månaden.

Prisar for ferieopen SFO
Ferieopen SFO
Ferieopen SFO 2024-25 Haust/vår 1.-3. trinn 2024-25 Haust/vår 4. trinn
Pris per veke** kr 845 kr 1150
Gebyr for for seint henta barn i SFO, per gong kr 490 kr 490
**To skular har tilbod om SFO i skuleferiar (haustferie, vinterferie, ei veke i juni og to veker i august).

Kontakt

Janne Martha Efteland Eik
Leder
Telefon: 93405978
Mobil: 93405978