Eikelandsosen symjehall

Symjehallen på Fusa-sida i Bjørnafjorden kommune ligg ved skuleanlegga i Eikelandsosen.

Symjesesesongen er 1. september til 1. mai. Bassenget er 16,5 m x 8 m, med rampe som lettar tilgangen for rørslehemma. Det er også eit mini-basseng for dei minste på bassengkanten, og badstover knytt til kvar garderobe.

Anlegget gir eit godt høve til både symjetrening for dei minste, badeaktivitet for barn og unge og trim for vaksne. 

Opningstid:

Tysdagar 17-21.30
Torsdagar 17-21.30
Laurdagar 12-15

Skulane og lag/organisasjonar brukar bassenget utanom dei faste opningstidene.

Kva kostar det?

Prisane finn du i avgiftsregulativet for Bjørnafjorden kommune, som blir vedtatt av kommunestyret i desember kvart år.

Du kan kjøpe både enkeltbillettar og kort i symjehallen. Betal kontant eller med Vipps.

Tilbod:

  • Familiebading klokka 17-20 tysdag og torsdag, og klokka 12-15 laurdag.
  • Mosjonssymjinging for vaksne etter klokka 20 tysdag og torsdag
  • Vassgymnastikk for vaksne med instruksjon av fysioterapeut måndag klokka 14.15-15.30

Organisasjonar kan også nytte hallen på ledige kveldar. Idrettsskulane har hatt tilbod om bading i sitt program.

Lag som er interesserte i å bruke symjehallen utanom dei faste opningstidene, kan ta kontakt for avtale.

Varmtvassbading

På måndagar er vatnet ekstra oppvarma til 32 grader. Symjehallen er då reservert grupper med særlege behov, t.d. fysisk funksjonshemma, dagsenter for psykiatri og dagsenter for psykisk utvklingshemma.

Bruk av bassenget

  • Badetida er ein time.
  • Barn under 10 år må ha følgje av ein vaksen over 18 år.
  • Hugs badehette.
  • Ta omsyn til andre som badar.
  • Følg reglane for tryggleik, hygiene og orden i symjehallen, og rett deg etter det badevakta seier.
  • Vi set stor pris på at du ryddar etter deg når du går.

Les også:

Trygg i bassenget (PDF, 303 kB)

Hygiene- og ordensreglar (PDF, 380 kB)

Smitteverntiltak i symjehallen (PDF, 45 kB)

 

Badevakt

Ved bading skal det alltid vera ein badevakt og ein badeassistent til stades. Det er eigen instruks for dei i svømmehallen.

Barn i bassenget

Barn under 10 år må ha følgje av ein vaksen over 18 år. Barn frå skulealder skal gå i garderobe etter eige kjønn: Jenter i damegarderoben og gutar i herregarderoben.

Makstal personar i bassenget

Det skal ikkje vera meir enn 30 personar i bassenget om gongen.

Dette er ikkje lov

Det er ikkje lov til å springa i svømmehallen, dytta andre ut i bassenget, dukka andre under vatn, eller stupa frå langsidene.

Det er ikkje tillate å bruka elektrisk utstyr i garderobe, dusj eller svømmehall.

Alle former for rusmidlar er forbodne. Rusa personar blir vist bort.

Du må retta deg etter reglane og etter det badevakta seier. Dersom du bryt reglane kan du bli bortvist.

Stuping

Det er ikkje lov til å stupa frå langsidene. Badevakta kan gje løyve til stuping frå tverrkanten, der bassenget er djupast, dersom det ikkje er til hinder for dei andre badande.

 

Hugs å dusja!

Du må dusja og vaska kroppen med såpe – utan badedrakt på – både før og etter du går i svømmehall eller badstove.
Det er viktig å skylja godt av såpe før du går i bassenget.
Badetøy skal henga på knaggrekka medan du dusjar. Du skal ikkje bada i undertøy.

Dette er ikkje lov

Du får ikkje bruka bassenget dersom du har smittsame sjukdomar, opne sår eller har bandasje du ikkje kan ta av.

Du skal ikkje gå med sko i våtsone i garderoben, eller inne i svømmehallen.

Personleg hygiene som barbering, negleklipping o.a. skal ikkje skje i dusj- og garderobeområdet.

Du må retta deg etter reglane og etter det badevakta seier. Dersom du bryt reglane kan du bli bortvist.

 

Pass på verdisakene dine

Du er sjølv ansvarleg for eigendelane dine. Lås inn verdisaker. Vi har låsbare skåp i garderobane - myntinnkast kroner 10.

Vi set stor pris på at du ryddar etter deg når du går!

Badehette

Du skal ha badehette på når du badar i bassenget.

Bleiebarn og bading

Alle barn som brukar bleie må bruka badetruse berekna for bleiebarn.

 

 

Kontakt

Erik Vangsnes
Leder
Mobil: 47277146