Ressursteam for barnehage

Ressursteam for barnehage er eit tilbod om tverrfagleg samarbeid til alle barnehagar i Bjørnafjorden kommune. Ressursteamet består alltid av representantar frå PPT, førebyggjande helsetenester og barneverntenesta.

I ressursteammøte rundt enkeltbarn deltar alltid representantar frå barnehagen, og føresette blir inviterte til å delta. I nokre møte kan det også vere aktuelt å invitere inn andre fagtenester. Målet med ressursteamarbeidet er tett samarbeid for å sikre tidleg og riktig innsats.

Kva kan ressursteamet bidra med?

Ressursteamet kan bidra med tverrfagleg samarbeid rundt enkeltbarn og deira familiar, og kompetanseheving til tilsette i barnehagar. Sjå oversikt over tema ressursteamet tilbyr kompetanseheving innan (DOCX, 16 kB).

Fransisco Munoz

Kven kan ta kontakt med ressursteamet? 

Alle barnehagar i Bjørnafjorden kommune kan ta kontakt med ressursteamet.

Slik tar du kontakt med oss 

Ta kontakt via digitalt skjema

Eit tverrfagleg samarbeid rundt enkeltbarn krev informert samtykke frå føresette. Her find du samtykkeskjema (DOCX, 69 kB)

Kva skjer når du har tatt kontakt?

Innmeldinga blir registrert og vidaresendt til barnehagen sin kontaktperson i PPT. Kontaktperson i PPT tar kontakt for å avtale vidare arbeid.