Trygg start – tettare oppfølging i svangerskapet og småbarnstida

Trygg start er eit frivillig og gratis tilbod til familiar som kan ha nytte av tettare oppfølging i svangerskapet og i spedbarns- og småbarnsperioden.

Kva tilbyr vi?

Familien og vi som jobbar i Trygg start-teamet startar kontakta medan mor er gravid. Trygg start-teamet består av jordmor og helsesjukepleiar. Du som er gravid vil få tett oppfølging av jordmor i svangerskapet og ved behov i barseltida. Helsejukepleiar følger opp med jamlege heimebesøk frå barnet er fødd.

Alle familiar er ulike og har ulike behov. Vi tilpassar oppfølginga til kvar familie og har fokus på å gi foreldre tryggleik til å meistre foreldrerolla. Tilbodet kan gjelde fram til barnet fyller to år og kan avsluttast før, om familien ønskjer det.

Kven er tilbodet for?

Du/de kan ha utfordringar knytte til fysisk og/eller psykisk helse. De kan òg vere unge, einslege, ha erfaringar med rusmisbruk eller andre utfordringar i familien, vere nytilflytta med språklege/sosiale forhold eller andre utfordringar som påverkar foreldrerolla.

Tilbodet er gratis.

​Slik tar du kontakt
Her finn du oss

Osøyro nærjordmorsenter ligg i 2. etasje i Bjørnafjorden rådhus, inngang B.
Eikelandsosen nærjordmorsenter ligg i Fjord'n senter i Eikelandsosen.

Velkommen til oss!