Årleg basisgebyr for brannførebygging
Det årlege basisgebyret inngår i dei kommunale avgiftene som vi sender ut fast faktura for fire gonger i året. Gebyr for feiing og tilsyn er vedteke med heimel i brannvernlova.
For feiing og tilsyn gjeld elles Forskrift om brannforebygging, kap. 4. Brann- og feiarvesenet skal sørge for feiing og tilsyn med fyringsanlegg ved behov.
Kor ofte det skal feiast avheng av oppvarmingssystemet i bustaden, sotmengd, type skorstein og fyringsmønster.
Årleg basisgebyr (bustadhus og fritidsbustader) og tillegg i basisgebyr for meir enn eitt pipeløp, sjå kommunale gebyr og avgifter i Bjørnafjorden kommune.
Gebyrfritak for bustader og fritidsbustader
Brannvesenet skal føre register over skorsteinar og eldstader. Fritak gjeld for inaktive røykløp, det vil seie at ingen eldstad er kopla til røykløpet.
Har du eit inaktivt røykløp i bygninga?
Meld frå i dette skjemaet
Når Brann og redning får melding om inaktivt røykløp, tar vi kontakt med eigar og avtalar tidspunkt for eventuelt besøk. Når vi har bekrefta at røykløpet er inaktivt, får du gebyrfritak.
Dersom røykløpet blir tatt i bruk igjen, pliktar eigar å melde frå til brannvesenet på dette skjemaet:
Meld frå om installasjon av eldstad
Sist endra 16.04.2026 15:08