Brukarstyrt personleg assistanseBrukarstyrt personleg assistanse (BPA) er ei teneste for deg som har nedsett funksjonsevne, og som treng praktisk og personleg assistanse i kvardagen. Målet er eit mest mogleg aktivt og sjølvstendig liv, trass i funksjonshemminga.Kva går tenesta ut på?Du får tildelt ein personleg assistent for eit gitt timetal, og bestemmer i prinsippet sjølv kva du ønskjer og treng hjelp og assistanse til.Brukaren er arbeidsleiar for assistenten/-ane. Det betyr at du, eventuelt med hjelp frå familiemedlemmer eller andre nærståande, har ansvar for:Organisering og innhald i tenestaÅ sette opp arbeidsrutinar og utarbeide arbeidsplanarÅ gjennomføre personalsamtalar, følgje opp timeregistrering og elles følgje opp reglane i arbeidslivet.Hovudansvaret i rekrutterings- og tilsettingsprosessane, gjennom annonsering, intervju og utvelging av assistentaneKven kan søkje om brukarstyrt personleg assistent?Personar som har nedsett funksjonsevne, eller som er heilt avhengige av praktisk eller personleg hjelp for å greie gjeremåla i dagleglivet, og som er i stand til å rettleie assistenten (ta arbeidsleiarrolla) Familiar med barn som er funksjonshemmaDu må ha langvarig (over 2 år) stort behov for assistanse og vere under 67 år. Slik vel du assistentBjørnafjorden kommune har avtale med fleire firma som kan levere BPA-assistentar.Du kan sjølv velje den leverandøren du vil. Hugs at det ofte er oppseiingsfrist på tre månadar frå leverandøren du brukar i dag. Her finn du oversikt over leverandørane Bjørnafjorden kommune har avtale med.Slik søkjer du Du treng ein legeattest for å søkjeSend inn digitalt skjema Søknad om helse- og omsorgstenester (du må logge på med BankID) Eller du kan sende skjema per post ved å fylle ut PDF-skjema søknadsskjema for helse- og omsorgstenester (DOCX, 63 kB) Kryss av for dagopphald. Skriv ut skjemaet, skriv under og send skjemaet til Bjørnafjorden kommune, avdeling for forvaltning og koordinering, pb 24, 5649 Eikelandsosen. Dersom det er andre som søkjer for deg, må du legge ved fullmakt. Sist endra 21.04.2026 10:07