Kvalitetsmelding for barnehage og skule

Bjørnafjorden kommune legg fram kvalitetsmelding for barnehage og skule årleg. 

I Bjørnafjorden ønsker vi å sikre ein raud tråd gjennom oppveksten til barn og unge, og difor legg vi fram ei samla kvalitetsmelding for barnehage og skule.

Det er fastsett i opplæringslova og privatskulelova at skuleeigarar pliktar å utarbeide ein årleg rapport om tilstanden i opplæringa. 
Kvalitetsmeldinga inngår i kvalitetsvurderingssystemet. Rapporten skal som eit minimum omtale læringsresultat, fråfall og læringsmiljø. Skuleeigaren kan omtale andre resultat og bruke andre data ut frå lokale behov. 

Den årlege rapporten for skule skal drøftast av skuleeigar, dvs. av kommunestyret, jf. opplæringslova § 13-10 andre ledd. 
Det er viktig at styringsorgana i kommunar og fylkeskommunar har eit bevisst og kunnskapsbasert forhold til kvaliteten på grunnopplæringa. Dette er nødvendig for å følgje opp utviklinga av sektoren på ein god måte.

Sjå kvalitetsmeldingar

Sjå også: Tilstandsrapportar for skulane i Os kommune 2016-2019