Jobb med samfunnsutvikling i Bjørnafjorden kommune

Fransisco Munoz / Bjørnafjorden kommune

I denne sektoren utviklar vi lokalsamfunn, infrastruktur, næringsliv og fritidsaktivitetar – kort og godt utviklar vi kvardagen til innbyggarane i Bjørnafjorden.
Vi deltar i regionalt utviklingsarbeid gjennom interkommunale aktivitetar og regionale satsingsområde.

Innanfor samfunnsutvikling har vi mange ulike yrke, som ingeniørar innan ulike fagfelt, elektrikarar, samfunns- og arealplanleggarar, landbruksrådgivarar, veterinærar, prosjektleiarar, juristar, bibliotekarar, kommunikasjonsrådgivarar, frivillighetskoordinatorar og brannkonstablar. Vi planlegg, bygger og held ved like.

“Eg jobbar med mange dyktige folk, og vi har eit veldig godt arbeidsmiljø. Eg synest det er spennande å jobba med konkrete utviklingscase og tilrettelegga for utvikling i kommunen”.

Jannicke Ane Søraas Sem-Onarheim, plansjef

Finn ledige stillingar her

Stort fagmiljø og synlege resultat

Ønskjer du å utvikla deg sjølv, fagkompetansen din og lokalsamfunnet ditt, er dette rett plass for deg. Jobben din gir konkrete resultat som betyr noko for innbyggarar og næringsliv.

Vi er tett på folk, politikarar, næringsliv og andre offentlege instansar – og dei tilsette må bruka heile seg og sin fagkompetanse for å lykkast.

Vi har eit stort fagmiljø med mange ulike utdanningar og profesjonar samla, noko som gjer at dei tilsette har eit stort tilfang av spiss- og breiddekompetanse å støtta seg til.

“Som jurist innanfor samfunnsutvikling bistår eg alle avdelingar med med alt frå små enkeltsaker til større utviklingsprosjekt innan eit svært breitt regelverk. Det er høg aktivitet, raske prosessar og ikkje minst eit godt tverrfagleg miljø å lena seg på”.

Elisabeth Totland, jurist

Spennande prosjekt

Vi jobbar med mange spennande prosjekt:

Ohara – investering i nytt hovudreinseanlegg for avløp  

Frå 2017-2027 jobbar Bjørnafjorden kommune med å laga nytt hovudreinseanlegg for avløp: Ohara. Dette er eit anlegg for framtida, som på det meste kan prosessera 600 liter vatn i sekundet.

Miljøløftet

Denne byvekstavtalen blei inngått i 2020 mellom fleire kommunar på Vestlandet: Bergen, Alver, Askøy, Bjørnafjorden, Øygarden, Vestland fylkeskommune og Staten ved Samferdselsdepartementet og Kommunal-og moderniseringsdepartementet.

Prioriterte område for Miljøløftet er:

  • Betre tilbod for buss, sykkel og gonge
  • Betre framkome og tryggare veg for alle trafikantgrupper

Les meir om Miljøløftet i Bjørnafjorden kommune

100 dagars sjølvforsyning

Ei satsing som skal setja fokus på sjølvforsyning og lokal matproduksjon i kommunane Bjørnafjorden, Tysnes og Samnanger.
Forprosjektet skal vara i eitt år, og gjera klart for eit større, treårig prosjekt med det hårete målet om å verasjølvforsynte i 100 dagar innan 2025.

Bjørnafjorden landbrukskontor, som er landbrukskontoret for dei tre kommunane, driv prosjektet.

Les meir om prosjektet her.

 

Fransisco Munoz / Bjørnafjorden kommune

Mange nyetableringar i kommunen

Bjørnafjorden er ein kommune i vekst, og med den nye E39 og Lyseparken vil det bli mange nyetableringar innan næring og bustad i åra framover.

Reisetida er dramatisk redusert, og Os blir eit knutepunkt mellom Stavanger og Bergen. Dette har vi førebudd oss på med utvikling av både industriområde og bustadområde. Innbyggartalet i kommunen kan i løpet av dei neste 20 åra bli nærast fordobla, til 40.000.

Byggesaksavdelinga er sentral for tilrettelegging av desse etableringane, og samhandling i og utanfor kommunen blir vektlagt.

Trafikksikker kommune

Bjørnafjorden er godkjent som trafikksikker kommune, og dette er eit prioritert område innan samferdsel. Trafikksikringsplanen for 2021-2025 har blant anna som mål å auka tilrettelegging for mjuke trafikantar, å få fleire til å nytta kollektivtransport og innføra hjartesonar (trafikkfrie sonar) rundt alle kommunale skular og barnehagar.

Les meir om prosjektet her

Møt nokre av dei flotte medarbeidarane våre

Tenk å få vera med å gjera kvardagen betre for innbyggarane: Laga betre veg, reint vatn, finare parkar eller betre kulturtilbod! Innanfor samfunnsutvikling jobbar vi med mange spennande prosjekt vi ser tydelege resultat av kvar einaste dag.

Bli lærling hos oss

Innanfor samfunnsutvikling tilbyr vi læreplassar innan eigedomsdrift/byggdriftarfag, samferdsel, vatn og avløp og brannførebyggarfag.

Les meir om læreplassar her 

Kvifor jobba i Bjørnafjorden kommune?

Som nytilsett i Bjørnafjorden kommune får du god oppfølging og fagleg spennande utfordringar.

Les meir om korleis det er å jobba i Bjørnafjorden