Kva skjer viss du ikkje leverer oppgåva eller ikkje betaler gebyret?
- Viss du ikkje leverer omsetningsoppgåva innan fastsett frist, får du tildelt to prikkar.
- Om du ikkje betalar bevillingsgebyret innan fastsett frist får du ytterlegare to prikkar.
- Får du tolv prikkar eller fleire i løpet av to år, inndra vi sals- eller skjenkebevillinga di i minimum ei veke.
Korleis levere omsetningsoppgåva?
Bevillingshavarar med fleire bevillingar må sende inn eitt skjema for kvart enkelt sals- eller skjenkestad. Skjemaet fyllast ut av styreleiar eller dagleg leiar i selskapet. Personar med fullmakt kan også sende inn skjemaet.
Lurar du på korleis du skal fylle ut og levera omsetningsoppgåva, sjå artikkelen Korleis levera omsetningsoppgåve?
Kor stort vert bevillingsgebyret?
Storleiken på bevillingsgebyret avheng av kor mykje alkohol staden selte året før, og kor mykje staden forventar å selje dette året. Satsar for bevillingsgebyret finn du i alkoholforskrifta.
Faktura
Faktura for bevillingsgebyret vert sendt ut når omsetningsoppgåva er mottatt og funne i orden.
Økonomiavdelinga gjer også etterberekning og etteroppgjer. Bevillingshavarar med høgare omsetning enn forventa får ei tilleggsfaktura, og bevillingshavarar med lågare omsetning enn forventa får tilbakebetalt delar av gebyret. Viss omsetningsoppgåva manglar ved avvikling av sals- eller skjenkebevillinga, gjer Økonomiavdelinga ei skjønnsmessig berekning av bevillingsgebyret.