Fjordtreff dagsenter - for deg som har eller har hatt psykiske utfordringar

Fjordtreff er eit dagtilbod til deg som har, eller har hatt, psykiske utfordringar. Du treng ikkje søkje om plass på Fjordtreff - alle som har lyst kan møte opp og ta del.

Vi har ope frå klokka 10-14, kvar måndag og onsdag i veker med ulikt tal (oddetalsveker). Måndagar i veker med likt tal (partalsveker) ordnar brukarane seg sjølve på dagsenteret, utan at personalet er til stades.

Vi er samla til sosialt samvær, men har også andre aktivitetar, om vi ønskjer det. Årleg er vi på hyttetur, har julebord og går på konsert eller annen kulturaktivitet saman.

Tilbudet er ope, du treng ikkje søke. Du er velkommen om du har lyst til å vere saman med oss.

Ønskjer du meir informasjon, ta kontakt med Gudleik Østerbø, som er tillitsvald på Fjordtreff på tlf. 91 58 26 33.