Kulturminne

Alle kulturminne eldre enn 1537 og erklært ståande bygg frå perioden 1537-1649 er automatisk freda etter lov om kulturminne.
Kulturminne i sjø er automatisk freda frå dei er 100 år. Enkeltbygg eller bygningsmiljø kan fredast etter særskilde vedtak.

Søk etter kulturminne

På Riksantikvaren sin nettstad Kulturminnesøk kan du søka og få oversikt over dei registrerte kulturminna i Bjørnafjorden kommune. Du må søka etter kulturminne i "Fusa" eller i "Os, Hordaland". Det kan vera til dømes gravrøyser, bautasteinar, ruinar, bygningar og skipsvrak. Her kan du òg sjå kva for bygningar og stader som er freda og verna.

Treng du hjelp i faglege spørsmål knytt til kulturminne?

Kultureininga kan hjelpa til, eller formidla hjelp, i faglege spørsmål som gjeld kulturminne.

Kultureininga skal vurdera alle søknader om riveløyve eller fasadeendring for bygningar frå før 1920. Søknadar må ofte sendast vidare til Fylkeskonservator eller Riksantikvaren for uttale. Du må difor rekna med ei lengre saksbehandlingstid i slike tilfelle.

Kontakt

Erik Vangsnes
Leder
Mobil: 47277146
Kristin Vangsnes Bøe
Rådgjevar
Mobil: 91376329