Du kan delta i opne møte
Alle møte i kommunestyret, formannskapet og dei ulike politiske utvala er opne for publikum, med unntak av møta i klagenemnda.
Her ser du oversikt over møtedatoar og saker for utvala i Bjørnafjorden kommune. Klikk på møtet for å få opp meir informasjon om kva saker som skal opp på det aktuelle møtet.
Du kan fremje innbyggarinitiativ
Innbyggarinitiativ eller innbyggarforslag betyr at du som innbyggar i Bjørnafjorden kommune kan sette tema du er opptatt av på den politiske dagsorden.
Innbyggarinitiativ skal vere eit verkemiddel for å fremje nye saker, ikkje for å ta avgjorte saker opp på nytt.
Dersom du fremjer eit forslag, er kommunestyret forplikta til å behandle det innan seks månader.
Slik går du fram for å sende eit innbyggarinitiativ:
- Skriv tydeleg kva forslaget handlar om. Forslaget kan berre behandlast éin gong i løpet av ein valperiode.
- Skaff minst 300 underskrifter frå personar som støtter forslaget. Underskriftene må innehalde fullt namn og adresse.
- Du kan bruke nettportalen minsak.no til å foreslå saker og samle underskrifter.
Du kan ta direkte kontakt med politikarar
Ring eller send e-post til ein politikar eller utvalsleiar. Du finn kontaktinformasjon til politikarane ved å gå inn i oversikta for kvart enkelt utval/styre.